Frå venstre: Olava Våge Midttveit, Ingrid Landro Midttveit og Hedda Dahl-Rotherford.Måndag denne veka besøkte ordførar Tom Georg Indrevik, varaordførar Anita Garlid Johannesen og leiar i levekårsutvalet, Ernst Einarsen, leiinga og miljørettleiaren på Spildepollen skule.
Dei fekk også snakka med tre av elevane på 7. trinn som har fått vera med og undervist elevar på lågare trinn.
Stopp hatprat er ei internasjonal ungdomsrørsle for menneskerettar og demokrati, og formålet er å ta eit oppgjer med hatideologiar på nettet. Hatprat er tekstar, ord, bilete og symbol som vert brukte for å spreia hat truslar og å oppfordra til vald mot ein person eller gruppe.
Dei tre elevane Hedda Dahl-Rotherford, Olava Våge Midttveit og Ingrid Landro Midttveit har fått ekstraoppgåver i prosjektet. Etter at dei sjølv fekk innføring i dette krevjande temaet, underviste dei femteklassingane om hatefullt språkbruk.
- Det er ofte meir stygt snakk når ikkje lærarane er der og når elevane er misnøgde med undervisninga. Fleire elevar kjem med lydar som elevane opplever som krenkande. Eksempel på dette kan vera apelydar som er retta mot elevar med mørk hud, seier dei tre elevane.
Dei meiner at prosjektet har gjeve positive resultat.
- Vi synest det er mindre stygt snakk i klassen no enn før, seier dei.
Dei elevane som har mobiltelefon med seg på skulen må levera inn mobiltelefonane ved skulestart for så å få dei utleverte igjen når skuledagen er ferdig.
Frå venstre; Anita Garlid Johannessen, Hedda Dahl-Rotherford, Olava Våge Midttveit, Malin Tellnes Kvammen, Ingrid Landro Midttveit, Linda Selheim og Tom Georg Indrevik.Foreldra har eit ansvar
Rektor Linda Selheim er særleg oppteken av kva ansvar foreldra har for språkbruk og bruk av mobiltelefon. I tillegg til å delta i piloten om hatprat, har FAU på Spildepollen skule også vedtatt at foreldregruppa skal jobba for å sikra barna ein smarttelefonfri barndom. FAU gjorde vedtak på dette i fjor.
Skulen registrerer auka uønskt språkbruk og at dei elevane som kjem med hatprat er yngre og yngre.
Det har vore ei utvikling frå seksualisert og rasistisk språkbruk til nedsetjande språk om etnisitetar og funksjonshemmingar.
- Foreldra har ansvar for mobilbruken til elevane til dei har fylt 18 år. Det er også viktig at vi utfordrar foreldra sin eigen mobilbruk. Dei er viktige rollemodellar, seier rektoren.
Rektoren minner om at elevane er på skulen fire til seks timar i døgeret. Resten av døgeret er elevane knytt til heimen.
Det har skjedd ei positiv utvikling frå prosjektet starta.
- Foreldra har liten kontroll med korleis elevane brukar mobiltelefonen. I starten var ikkje foreldra med på dette. Vi opplever at dei no i større grad forstår alvoret og at dei er ein del av løysinga. Vårt råd er at elevane ikkje bør få smarttelefon før dei er i ungdomsskulealder, seier rektor Linda Selheim.

Miljørettleiar Malin Tellnes Kvammen seier at i dette kursopplegget vart elevane ansvarleggjort. Dei fekk mellom anna kunnskap om at det kan få alvorlege konsekvensar å ytra hat.
- Elevane må få vita om alvoret i konsekvensane av hatprat. Vi såg at dette gjekk inn på elevane, og dei ville ha det vekk. I dette opplegget fekk elevane diskutera stygge ord. Dei responderte med å gje premiar til dei som var best på språkbruk, seier ho.
Miljørettleiaren seier at barn ofte brukar ord, uttrykk, emojiar, bilete og blikk utan å forstå heilt kva det faktisk formidlar og kva det gjer med dei som vert ramma.
- På vegen vidare ønskjer eg at arbeidet med hatprat skal vera meir enn eit enkelt prosjekt eller en arbeidsverkstad. Det bør vera ein del av det kontinuerlege arbeidet vårt med språkbruk, inkludering og eit trygt skolemiljø, seier Malin Tellnes Kvammen.
Tekst og foto: Vigleik Brekke