Kollsnes prosessanlegg
Equinor
Equior melder at dei utvinnbare voluma av gass og kondensat er no rekna til mellom 77 og 180 millionar fat oljeekvivalentar. Dei samla voluma i reservoaret er om lag tre gonger så store, men eigenskapane til reservoaret gjer at berre delar av ressursane kan vinnast ut.
– Det er svært positivt å finna så store gassvolum i eit modent område på norsk sokkel. Vi har lenge hatt tru på Afrodite-funnet, og denne avgrensingsbrønnen har avdekt volum som ligg langt over det vi venta, seier Kjetil Hove, konserndirektør for utforsking og produksjon i Equinor Noreg.
Resultata frå avgrensingsbrønnen på Afrodite er svært positive. Dei estimerte utvinnbare ressursane er no meir enn dobla samanlikna med tidlegare anslag. Det viser at det framleis finst store moglegheiter på norsk sokkel.
Særleg interessant for Øygarden
Plassjef i Equinor Øygarden, Christel Kvalsvik, seier at det er særleg interessant for Øygarden at Equinor vil arbeida vidare med ei mogleg havbotnutbygging knytt til Kvitebjørn-plattforma.
- Dersom dei byggjer ut funnet, kan gassen gå gjennom eksisterande infrastruktur til Kollsnes og vidare til marknaden i Europa. Ei slik utbygging kan styrkja grunnlaget for vidare aktivitet ved Kollsnes-anlegget og understreka kor viktig anlegget er for energileveransane frå Noreg til Europa, seier Christel Kvalvik.
Afrodite-funnet vart gjort i 2008. Reservoaret har låg permeabilitet, noko som betyr at gassen strøymer sakte gjennom bergarten i reservoaret. Det gjer ressursane meir krevjande å vinna ut. No skal fagfolka analysera resultata frå avgrensingsbrønnen vidare.
Også ordførar Tom Georg Indrevik er positiv til den nye informasjonen om Afrodite-funnet.
- Det er gledeleg at Equinor stadfestar at dersom prosjektet vert realisert, vil gassen verta ført til prosessanlegget på Kollsnes. Det viser at dette anlegget betyr og vil bety mykje for gassleveranse til Europa i mange år framover, seier ordføraren.
Equinor vurderer funnet som drivverdig og vil arbeida vidare med ei havbotnutbygging knytt til Kvitebjørn-plattforma. Dersom prosjektet vert bygd ut, kan altså gassen gå gjennom eksisterande infrastruktur til Kollsnes prosessanlegg i Øygarden og vidare til marknaden i Europa.
Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Equinor