Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa litt om det som har skjedd i veke 39.

Kommunestyret: Øygarden får ansvar for å utvikla godshamn

Kommunestyret vedtok på torsdag å slutta seg til fleire avtalar om eigarskapsendringar i Bergen Havn AS og Bergen Havn Ågotnes AS. Dette inneber at den regionale godshamna vert flytta frå Dokken til Ågotnes. Også Bergen bystyre vedtok å godkjenna avtalane i dag.
Les meir.

Godshamna flyttar til Ågotnes – no startar utviklingsarbeidet

- Når vedtaka no er gjort, må vi vise at vi kan levera på oppdraget vi har påtatt oss, seier ordførar Tom Georg Indrevik. Han sa det på ein pressekonferanse på torsdag der CCB presenterte korleis godshamna skal realiserast.
Les meir. 

Vil vidareføra dagens gebyrmodell med justeringar

Formannskapet tilrår å vidareføra dagens differensierte gebyrmodell for hushaldsavfall med nokre justeringar. Hovudprinsippa i modellen vert vidareførte, samstundes som det blir gjort enkelte justeringar for å gje abonnentane eit meir fleksibelt og brukarvenleg tenestetilbod.
Les meir.

Gjer heimen klar for framtida – få inntil 75 000 kroner

Innbyggjarar i Øygarden kan no søkje Husbanken om inntil 75 000 kroner til å gjere bustaden tryggare og enklare å bu i når ein blir eldre. Søknadsfristen er 30. oktober. Ordninga er for dei over 62 år.
Les meir.

Smådyrvakt frå 25. september

Les om kvar det er smådyrvakt frå 25. september. 
Les meir. 

Fleire innspel på møte om helikoptertrafikk

Rundt 40 personar møtte opp i kultursalen i Øygarden rådhus onsdag kveld då Avinor informererte om status for helikoptertrafikken over Øygarden, støyreduserande tiltak og test av ny helikoptertrasé. Både Eidsnes og ordførar Tom Georg Indrevik sa at det handlar om arbeidsplassar som er viktige for samfunnet.
Les meir.

- Miljøkrav vert sett i system

Torsdag denne veka fekk Byggmester Turøy & Algrøy Drift AS overrekt Miljøfyrtårn av ordførar Tom Georg Indrevik.
- Mange av krava til Miljøfyrtårn har vi hatt i mange år. No er det sett i system, seier eigar i selskapet og ansvarleg for å følgja opp sertifiseringa, Rune Thuestad.
Les meir.

Følgjer opp dieselutslepp i Porsvika

Fleire aktørar har lagt ut lenser for å redusera skadane etter dieselutslepp ved den kommunale kaien i Porsvika torsdag i sist veke.  Utsleppet skjedde i samband med bunkring av ein båt ved kaien. I første omgang vart det meldt om eit mindre dieselutslepp. Seinare viste det seg at utsleppet var vesentleg større.
Les meir.

Minnegudsteneste på verdas overdosedag

Avdeling psykisk helse og rus ved MO-senter, og diakontenesta i Øygarden arrangerte den 31.08.2026 ein minnegudsteneste  i Fjell kyrkje for å markere verdas overdosedag.
Les meir.

TREFF+ tilbyr: Dataopplæring for seniorar

Grunnkurs for personar med lite eller noko datakunnskap. På kurset vil du læra å bruka nyttige digitale offentlege tenester, grunnleggjande datatryggleik, videomøte og bestilling av varer og tenester.
Les meir.

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (39)

  • 21.09.:  Interne møte
                 Møter om beredskap 
                 Nabomøte Blombakkane
  • 22.09.:  Møte Northern Lights
                 Formannskapet
  • 23.09.:  Kommunestyremøte
                 Folkemøte AVINOR, helikoptertrafikk
  • 24.09.:  Presseorientering om Hamn
                 Miljøfyrtårnutdeling
                 Felles foreldremøte
  • 25.09.: KS hovudstyremøte, Oslo (KS: fellesorganisasjon for kommunane)
  • 26.09.: Opning frivilligdagar

Varaordførar Anita Garlid Johannessen denne veka (39)

  • 21.09.:  Interne møte
  • 22.09.:  Formannskapsmøte
  • 23.09.:  Kommunestyremøte
                 Folkemøte AVINOR, helikoptertrafikk
  • 24.09.:  Fylkesstyre KS Vestland
                 Foreldremøte, temamøte 
  • 26.09.:  Vigsel

Varaordføraren neste veke (40)

  • 28.09.:  Interne møte
                 Koordineringsutval
  • 29.09.:  Plastryddeaksjon
                Formøte administrasjonsutval
  • 30.09.:  Eldredagen
  • 01.-02.10:  Ferie