- Miljøkrav vert sett i system

Torsdag denne veka fekk Byggmester Turøy & Algrøy Drift AS overrekt Miljøfyrtårn av ordførar Tom Georg Indrevik.
- Mange av krava til Miljøfyrtårn har vi hatt i mange år. No er det sett i system, seier eigar i selskapet og ansvarleg for å følgja opp sertifiseringa, Rune Thuestad.

Frå venstre; ordførar Tom Georg Indrevik, Rune Thuestad, Kåre Lauvik og Christian Turøy. - Klikk for stort bileteFrå venstre; ordførar Tom Georg Indrevik, Rune Thuestad, Kåre Lauvik og Christian Turøy.

Miljøfyrtårn er eit verktøy for sertifisering og miljøleiing som skal hjelpa bedrifter til å lukkast med den grøne omstillinga. Etter at bedriftene har dokumentert at dei kan få status som Miljøfyrtårn, er det klart for utdeling.

Byggmeisterfirmaet har 25 tilsette og for tida 20 innleigde medarbeidarar. I 2025 var omsetnaden på 112 millionar kroner. Jens Gunnar Turøy var med og starta firmaet i 1986. Driftsselskapet er eigd av Christian Turøy, Rune Thuestad og Kåre Lauvik.

Byggmester Tyrøy & Algrøy Drift AS har god tilgang på oppdrag. I hovudsak oppfører firmaet einebustader og rekkehus i bergensområdet.

- 2025 var eit godt år, og utsiktene framover er gode. Vi merkar at aktiviteten har auka noko som ein konsekvens av at Sotrasambandet opnar om eit par år, seier dagleg leiar Christian Turøy.

Jamt over tek firmaet inn to-tre lærlingar kvar år. Vel halvparten av bilparken er el-bilar. Arbeidet med å vera sertifisert som Miljøfyrtårn krev sitt, men det er verdt arbeidet.

- Vi har kjeldesortert og gjennomført mange av krava i mange år. No vår vi dette sett i system. Det handlar om kjeldesortering, avfallshandtering på byggjeplassane. Det er kostnadseffektivt å ha fokus på dette, seier Rune Thuestad.

Ordførar Tom Georg Indrevik seier at det vert meir og meir naturleg at aktørane i næringslivet sertifiserer seg.
- Det gjer at heile kommune vert meir miljøvennleg, seier han.

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke