Gjer heimen klar for framtida – få inntil 75 000 kroner
Innbyggjarar i Øygarden kan no søkje Husbanken om inntil 75 000 kroner til å gjere bustaden tryggare og enklare å bu i når ein blir eldre. Søknadsfristen er 30. oktober. Ordninga er for dei over 62 år.
Svartbak og spurv på eit tak
Kjell Andersland
Trinnfri inngang, eit meir tilgjengeleg bad eller soverom på inngangsplanet kan gjera stor forskjell i kvardagen. Ordninga skal gjera det mogleg for fleire å bu trygt heime lenger.
Øygarden kommune arbeider med å utvikla tenester som støttar opp under meistring og sjølvstende i eigen heim. Velferdsteknologi og digital oppfølging er ein del av dette arbeidet. Ein godt tilpassa bustad kan gjera det lettare å klara daglege gjeremål og halda fram med livet i eit kjent nærmiljø.
– Tilskotet er eit flott verkemiddel for at innbyggjarane kan planleggja for å bu heime lengst mogleg. Ein tilrettelagd bustad kan bidra til betre meistring og tryggleik i kvardagen og utsetja behovet for hjelp til kvardagsoppgåver, seier Line Barmen, kommunalsjef for helse og velferd.
Dekker inntil 75 000 kroner av utbetring
Tilskotet er retta mot personar frå 62 år. Støtta kan dekkja inntil 25 prosent av kostnadene, og oppgraderinga må kosta minst 40 000 kroner. Søknadene vert prioriterte etter inntekt. Den nasjonale tilskotspotten er på 89 millionar kroner.
Søk direkte til Husbanken
Du søkjer direkte til Husbanken. Hent inn pristilbod frå handverkar før du søkjer, og vent med arbeidet til du har fått tilsagn.
Les meir om vilkåra og søk på Husbanken sine nettsider.
Tekst: Kenneth Sangolt
Publisert 24.09.2026 10.01