Gjenbruksstasjonen på StraumeFormannskapet var samla til møte på tysdag.
Den tilrådde modellen kombinerer eit fast årsgebyr med betaling basert på mengda restavfall. TIlrådinga byggjer på alternativ 1 som er basert på å vidareføra dagens differensierte gebyrmodell, som ifølgje ØyVAR allereie har gitt svært gode resultat for sortering, materialgjenvinning og kostnadsutvikling.
Levering av papp og papir vert halden utanfor kvoteordninga, og talet på kvotar vert auka frå tre til fire besøk per år. For 2027 er det lagt til grunn ei gebyrauke på om lag 2,4 prosent.
Formannskapet presiserer i tilrådinga at farleg avfall og elektrisk avfall ikkje skal reknast med i kvotane for innlevering på gjenbruksstasjonane. Tilrådinga inneber altså at brukarane kan levera inn fire kvotar per år før det vert ordinær betaling ved levering av avfall på gjenbruksstasjonane. Hageavfall på Midtstegen vert halde utanfor kvoteordninga.
I saka går det fram at resultata tyder på at innbyggjarane i stor grad har teke i bruk den nye ordninga og tilpassa sorteringsvanane sine i tråd med måla for modellen. Utviklinga er oppnådd utan at årsgebyret er auka som følgje av innføringa.
Meirkostnaden ved eín ekstra kvote svarar til om lag 0,6 prosent av årsgebyret og vert finansiert gjennom årsgebyret.
Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.
Tilrår å godkjenna avtalar knytt til ny godshamn
Formannskapet tilrår at kommunen sluttar seg til fleire avtalar om eigarskapsendringar i Bergen Havn AS og Bergen Havn Ågotnes AS. Dette inneber at den regionale godshamna vert flytta frå Dokken til Ågotnes.
Gjennom eigarskapsendringane vert Øygarden kommune majoritetseigar i Bergen Havn Ågotnes AS og får det overordna ansvaret for den vidare utviklinga av den regionale godshamna på Ågotnes.
Saka går til endeleg behandling i kommunestyret 23. september.
Garanti for lån 2026 til ØyVAR
Formannskapet tilrådde at kommunen garanterer med sjølvskuldnargaranti for lån på 151,3 millionar kroner, som ØyVAR AS tar opp til investeringar innan vatn, avløp og renovasjon. Kommunestyret gjer endeleg vedtak.
Finansrapport
Formannskapet tilrår å ta finansrapport for 2. kvartal 2026 til orientering. Saka går til kommunestyret.
Rebudsjettering av investeringar 2026
Formannskapet tilrår til kommunestyret å vedta rebudsjettering av investeringar frå 2025 til 2026 finansiert med ubrukte lånemidlar og momskompensasjon slik det går fram av vedlegg til saka.
Kvartalsrapport pr. 31. juli
Formannskapet tilrår å ta kvartalsrapporten til etterretning.
Det er i budsjettet for 2026 lagt til grunn eit positivt netto driftsresultat på 60 millionar kroner. Det har vore ein positiv utvikling i den økonomiske situasjonen i Øygarden kommune det siste året.
Per juli er netto driftsresultat 14,7 millionar kroner betre enn periodisert budsjett hittil i år. Kommunalsjefområda har eit samla mindreforbruk på 13,2 millionar kroer per juli 2026.
Kommunalsjefområda har eit samla mindreforbruk på kr 13,2 millionar kroner per juli. Dette er ei forbetring frå 1. kvartal 2026 då mindreforbruket var kr 7,6 millionar kronr. Helse og velferd har eit meirforbruk på kr 9,1 millionar kroner, medan dei andre kommunalsjefområda har mindreforbruk per juli.
Meirforbruket innan Helse og velferd er i stor grad knytt til løn, ekstrahjelp og overtid grunna høgt sjukefråvær. Innføring av Aidn (nytt pasientjournalsystem) har medført store ekstrautgifter knytt til overtid og bruk av eksterne ressursar.
Skatteinngangen er omtrent kr 84 millionar kroner høgare enn skatteinngang i fjor på same tidspunkt. Øygarden kommune har skatteinntekter på omlag 95 prosent av landsgjennomsnittet.
I saka skriv kommunedirektøren at det likevel er utfordringar framover som må handterast inn mot neste års budsjett og økonomiplan. Ei utfordring er ein stadig aukande etterspurnad etter pleie- og omsorgstenester som følgje av demografiendringar i befolkninga. Dette legg press på Helse og velferd og utfordrar budsjettet. Det må framover leggjast til rette for auka kapasitet i tenestene, og ressursar må flyttast i takt med dei demografiske endringane.
Saka går til kommunestyret.
Vil kjøpa veglysanlegg
Formannskapet tilrår å godkjenna avtale med Veilys AS om kjøp av veglysanlegget langs kommunale vegar i Øygarden kommune med ein kjøpesum på om lag 1,3 millionar kroner. Kjøpet vert finansiert ved omdisponering av midlar. Bakgrunnen for at kommunedirektøren har gått inn for å kjøpa veglysanlegget, er at Veilys AS skal avviklast.
Saka går til kommunestyret.
Tilrår talerett for organisasjonane ved budsjettbehandling
Formannskapet slutta seg i hovudsak til innstillinga frå kommunedirektøren om å leggja inn eit nytt punkt (2.4) i reglement for møte i folkevalde organ. Endringa inneber mellom anna at organisasjonane skal ha talerett når formannskapet legg budsjettet ut på høyring. Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.
Gav uttale om endring i organisasjonsstrukturen i politiet
Vest politidistrikt har sendt på høyring forslag til endringar i organisasjonsstrukturen for dei geografiske driftseiningane. For Øygarden inneber forslaget mellom anna at politistasjonen i Øygarden vert slått saman med Askøy og Bergen Vest. Hovudsete er ikkje avklart, men vert venteleg plassert i knutepunktet mot Askøy/Øygarden på Storavatnet i Bergen kommune.
I tilrådinga til uttale understrekar formannskapet behovet for fleire planar knytt til responstid, tilgjenge for publikum, førebyggjande arbeid og plan for samfunnskritiske objekt. Formannskapet meiner at endringane ikkje må setjast i verk før Sotrasambandet er ferdig.
Saka går til kommunestyret for endeleg avgjerd.
Andre saker
- Formannskapet tilrådde uttale til forskrift om tilfluktsstader. Det er Justis- og beredskapsdepartementet som har sendt forskrifta på høyring. Kommunestyret gjev endeleg uttale.
- Det vart gjeve uttale til NOU om «Kjernekraft i Noreg». Formannskapet vedtok ein alternativ uttale etter framlegg frå Høgre, Frp og KrF.Her kan du lesa heile uttalen. (PDF, 46 kB)
Her kan du lesa innkalling med saksdokument.
Her er opptak frå møtet på kommune-TV.
Tekst og foto: Vigleik Brekke