Øygarden får ansvar for å utvikla godshamn

Kommunestyret vedtok på torsdag å slutta seg til fleire avtalar om eigarskapsendringar i Bergen Havn AS og Bergen Havn Ågotnes AS. Dette inneber at den regionale godshamna vert flytta frå Dokken til Ågotnes. Også Bergen bystyre vedtok å godkjenna avtalane i dag.

Torg Georg Indrevik på talarstolen - Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik har saman med kommuneleiinga over lengre tid arbeidd med spørsmålet om lokalisering av den regionale godshamna.

Gjennom eigarskapsendringane vert Øygarden kommune majoritetseigar i Bergen Havn Ågotnes AS og får det overordna ansvaret for den vidare utviklinga av den regionale godshamna på Ågotnes.

Formannskapet behandla i august 2026 ei eiga sak om kommersielle avtalar med private aktørar. Desse avtalane legg til rette for at CCB skal ta ansvar for etablering, drift og vidare utvikling av den regionale godshamna på Ågotnes gjennom eit forpliktande samarbeid med kommunen, medan Tertnes Holding skal leggja til rette for vidare utvikling av næringsareala på Bleivasshaugane.

Den samla løysinga legg til rette for industriell utvikling og synergiane mellom hamn, logistikk, maritim verksemd og næringsareal på Ågotnes. For Øygarden kommune bidreg løysinga til vidare næringsutvikling, styrking av den maritime klynga på Ågotnes og sikring av den uteståande seljarkreditten knytt til areala.

Vedtaket vart gjort med 44 mot eí røyst (Raudt).

Ventar med å leggja arealdelen til kommuneplanen ut på høyring

Kommunestyret vedtok med 41 mot fire røyster (SV, MDG og Raudt) å utsetja saka om å leggja arealdelen til kommuneplanen ut på høyring.

Det var ordførar Tom Georg Indrevik som kom med utsetjingsforslaget. Han viste til at det er gjennomført eit omfattande arbeid og at det er behov for å innarbeida endringar før planen vert sendt ut på høyring.

Kommunestyret slutta seg til dette. Før saka kjem opp til ny behandling, skal kommunedirektøren innarbeida endringsframlegg til arealbruk som kommuneplanutvalet (KPU) behandla 21. september, i plankartet og oppdatera ROS-analyse og konsekvensutgreiing (KU).

Kommunedirektøren skal også utarbeida konsekvensutgreiing for område 1.15 Blomvåg Fjordhotell, 1.25 Tursti Liaskjæret og 1.27 gnr./bnr. 150/7, Skogsvåg. 

I tillegg skal kommunedirektøren arbeida vidare med det som går fram av punkt 9 i tilrådinga til KPU 21. september. Kommunedirektøren får fullmakt til å gjera mindre justeringar, og formannskapet får lagt fram forslag til framdriftsplan og vidare prosess på møtet den 13. oktober.

Saka vert lagd fram att for kommunestyret når dette arbeidet er gjennomført. Her kan du lesa heile vedtaket. (PDF, 60 kB)

Drøfting i ein av pausane i møtet. - Klikk for stort bileteDrøfting i ein av pausane i møtet.

Vidarefører dagens gebyrmodell for renovasjon med justeringar

Kommunestyret vedtok å vidareføra dagens differensierte gebyrmodell for hushaldsavfall med nokre justeringar. Hovudprinsippa i modellen vert vidareførte, samstundes som det blir gjort enkelte justeringar for å gje abonnentane eit meir fleksibelt og brukarvenleg tenestetilbod.

Den vedtekne modellen kombinerer eit fast årsgebyr med betaling basert på mengda restavfall. TIlrådinga byggjer på alternativ 1 som er basert på å vidareføra dagens differensierte gebyrmodell, som ifølgje ØyVAR allereie har gitt svært gode resultat for sortering, materialgjenvinning og kostnadsutvikling. 

Levering av papp og papir vert halden utanfor kvoteordninga, og talet på kvotar vert auka frå tre til fire besøk per år. For 2027 er det lagt til grunn ei gebyrauke på om lag 2,4 prosent.

Det vert presisert at plast, farleg avfall og elektrisk avfall kan leverast gratis og skal ikkje reknast med i kvotane for innlevering på gjenbruksstasjonane. 

Tilrådinga inneber altså at brukarane kan levera inn fire kvotar per år før det vert ordinær betaling ved levering av avfall på gjenbruksstasjonane. Hageavfall på Midtstegen vert  halde utanfor kvoteordninga.

I saka går det fram at resultata tyder på at innbyggjarane i stor grad har teke i bruk den nye ordninga og tilpassa sorteringsvanane sine i tråd med måla for modellen. Utviklinga er oppnådd utan at årsgebyret er auka som følgje av innføringa.

Meirkostnaden ved eín ekstra kvote svarar til om lag 0,6 prosent av årsgebyret og vert finansiert gjennom årsgebyret.

Kommunestyremøtet 23. september - Klikk for stort bilete

Positivt netto driftsresultat

Kommunestyret tok kvartalsrapporten pr. 31. juli til etterretning.

Det har vore ein positiv utvikling i den økonomiske situasjonen i Øygarden kommune det siste året. Det er i budsjettet for  2026 lagt til grunn eit positivt netto driftsresultat på 60 millionar kroner.

Per juli er netto driftsresultat 14,7 millionar kroner betre enn periodisert budsjett hittil i år. Kommunalsjefområda har eit samla mindreforbruk på 13,2 millionar kroner per juli. Dette er ei forbetring frå 1. kvartal 2026 då mindreforbruket var 7,6 millionar kroner. Helse og velferd har eit meirforbruk på 9,1 millionar kroner, medan dei andre kommunalsjefområda har mindreforbruk per juli.  

Meirforbruket innan Helse og velferd er i stor grad knytt til løn, ekstrahjelp og overtid grunna høgt sjukefråvær. Innføring av Aidn (nytt pasientjournalsystem) har medført store ekstrautgifter knytt til overtid og bruk av eksterne ressursar.

Skatteinngangen er omtrent 84 millionar kroner høgare enn skatteinngang i fjor på same tidspunkt. Øygarden kommune har skatteinntekter på omlag 95 prosent av landsgjennomsnittet.

Kjøper veglysanlegg

Det vart vedteke å godkjenna avtale med Veilys AS om kjøp av veglysanlegget langs kommunale vegar i Øygarden kommune med ein kjøpesum på om lag 1,3 millionar kroner. Kjøpet vert finansiert ved omdisponering av midlar. Bakgrunnen for saka er at Veilys AS skal avviklast.

Får talerett ved budsjettbehandling

Kommunestyret slutta seg i hovudsak til innstillinga frå kommunedirektøren om å leggja inn eit nytt punkt (2.4) i reglement for møte i folkevalde organ. Endringa inneber mellom anna at organisasjonane får talerett når formannskapet behandlar budsjettet og legg det ut på høyring. 

Gav uttale om endring i organisasjonsstrukturen i politiet

Vest politidistrikt har sendt på høyring forslag til endringar i organisasjonsstrukturen for dei geografiske driftseiningane. For Øygarden inneber forslaget mellom anna at politistasjonen i Øygarden vert slått saman med Askøy og Bergen Vest. Hovudsete er ikkje avklart, men vert venteleg plassert i knutepunktet mot Askøy/Øygarden på Storavatnet i Bergen kommune. 

I uttalen understrekar kommunestyret behovet for fleire planar knytt til responstid, tilgjenge for publikum, førebyggjande arbeid og plan for samfunnskritiske objekt. 

Etter forslag frå ordførar Tom Georg Indrevik vart det vedteke ei presisering om at det er ein føresetnad at eventuelle endringar ikkje vert gjennomførte før Sotrasambandet er ferdig og det er etablert ein ny felles stasjon ved Storavatnet.

Vedtok forskrift om jakt på hjort

Kommunestyret vedtok «Forskrift om opning av jakt på hjort, minsteareal som grunnlag for fellingsløyve og fellingsavgift for hjort i Øygarden kommune» slik ho ligg føre.

Forskrifta trer i kraft 25. september 2026. Frå ikraftsetjingstidspunktet vert forskrift 18. februar 2021 nr. 550 om forvaltning av hjort, fastsetting av minsteareal, Øygarden kommune, Vestland (FOR-2021-02-18-550) oppheva. 
Ny forskrift vil ikkje føra til nokon endring av gjeldande praksis og er berre eit resultat av at tidlegare praksis no må formaliserast gjennom lokal forskrift.

Garanterer for lån til ØyVAR

Det vart vedteke å garantera med sjølvskuldnargaranti for lån på 151,3 millionar kroner, som ØyVAR AS tar opp til investeringar innan vatn, avløp og renovasjon. Kommunestyret gjer endeleg vedtak.

Finansrapport 

Kommunestyret tok finansrapport for 2. kvartal 2026 til etterretning. 

Rebudsjettering av investeringar 2026

Kommunestyret vedtok rebudsjettering av investeringar frå 2025 til 2026 finansiert med ubrukte lånemidlar og momskompensasjon slik det går fram av vedlegg til saka.

Forskrift om tilfluktsstader

Kommunestyret gav uttale til forskrift om tilfluktsstader. Det er Justis- og beredskapsdepartementet som har sendt forskrifta på høyring. 

Etter forslag frå Frp vart det lagt til eit nytt punkt 4 om at det vert lagt særskilt vekt på universell utforming og tilrettelegging for sårbare grupper i krava til tilfluktsstader. 

Eit forslag frå Raudt om at det vert lagt til rette for kjæledyr i tilfluktsrom fekk tre røyster og fall.

Nyval til politisk verv

Kommunestyret tok til orientering at Sverre Svindland Myrekrok (INP) trer ut av kommunestyret på grunn av flytting og tok til etterretning at det vert gjennomført automatisk opprykk frå INP si valliste. Bjarne Tjong rykkjer opp som nytt fast medlem nummer fire. Johnny Øvretveit, som står som nummer åtte på vallista, vert nytt varamedlem.

Møteplan

Kommunestyret vedtok møteplan 2027 for råd og utval slik den ligg føre. 2. Leiarar i råd og utval kan i samråd med administrasjonen gjera mindre endringar i møteplanen ved behov. 

Kommunestyret kan halda eit ekstra møte 8. desember 2027 i samband med budsjettmøtet, dersom det vert nødvendig.

Her er innkalling med saksliste.

Her kan du sjå møtet i opptak på kommune-TV.


Tekst og foto: Vigleik Brekke