Fleire innspel på møte om helikoptertrafikk
Rundt 40 personar møtte opp i kultursalen i Øygarden rådhus onsdag kveld då Avinor informererte om status for helikoptertrafikken over Øygarden, støyreduserande tiltak og test av ny helikoptertrasé.
Fleire ville snakka med Avinor også etter at møtet var slutt.Lufthavndirektør Helge Eidsnes innleia ved å seia at Avinor har hatt ein god løpande dialog med Øygarden kommune. Han understreka at vi er avhengige av helikoptertrafikken og vil vera det i framtida. Avinor ønskjer å avgrensa støybelastninga, men må også ha eit hovudfokus på tryggleik.
Både Eidsnes og ordførar Tom Georg Indrevik sa at det handlar om arbeidsplassar som er viktige for samfunnet.
- Eg opplevde dette som eit positivt møte der dei som møtte opp, fekk stilla konkrete spørsmål knytt til korleis dei opplever helikoptertrafikken, seier ordføraren etter møtet.
Denne hausten skal Avinor konkludera etter at det er gjennomført to ruter med testflyging sidan april/mai. Avinor vil også få tilbakemelding på testperioden frå Øygarden kommune.
40 personar møtte opp på folkemøtet.Det var lufthavnsjef Helge Eidsnes, fagansvarleg ytre miljø Peter Holmkvist, sikkerheitssjef Gro Handeland og operativ sjef flysikring Kent Sviggum som orienterte frå Avinor på møtet.
Her er presentasjonen frå Avinor. (PDF, 6 MB)
Publisert 24.09.2026 13.35