Følgjer opp dieselutslepp i Porsvika

Fleire aktørar har lagt ut lenser for å redusera skadane etter dieselutslepp ved den kommunale kaien i Porsvika torsdag i sist veke. Utsleppet skjedde i samband med bunkring av ein båt ved kaien.

Biletet viser utsleppet ved den kommunale kaien - Klikk for stort bileteBiletet viser utsleppet ved den kommunale kaien.

I første omgang vart det meldt om eit mindre dieselutslepp. Seinare viste det seg at utsleppet var vesentleg større. 

Øygarden brann og redning (ØBR), Interkommunalt utval mot akutt forureining (IUA), Kystverket og Sjøfartsdirektoratet er kopla inn. Det er oppretta politisak.

ØBR og Sotra Fiskeindustri (Novumare) har lagt ut lenser og gjennomført andre tiltak i Porsvika og Glesvær for å avgrensa skadane etter utsleppet.


 
Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Øygarden brann og redning