Godshamna flyttar til Ågotnes – no startar utviklingsarbeidet

- Når vedtaka no er gjort, må vi visa at vi kan levera på oppdraget vi har påtatt oss, seier ordførar Tom Georg Indrevik. Han sa det på ein pressekonferanse på torsdag der CCB presenterte korleis godshamna skal realiserast.

Ordførar Tom Georg Indrevik (til venstre) og konsernsjef i CCB, Jan Dagfinn Lund på pressekonferansen på torsdag - Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik (til venstre) og konsernsjef i CCB, Jan Dagfinn Lund på pressekonferansen på torsdag. Vigleik Brekke

Den regionale godshamna skal flyttast frå Dokken til Ågotnes. Bergen kommune og Øygarden kommune vedtok denne veka saka om eigarskifte og avtalar knytt til dette. 

- Vi følgjer med dette opp ambisjonen om ein ny regional godshamn og løyser ein floke vi har strevd med i mange år, seier ordførar Tom Georg Indrevik. 

Flyttinga er resultatet av ein prosess som har gått over meir enn ti år. Gjennom den framforhandla løysinga mellom Bergen kommune og Øygarden kommune, får no Øygarden kommune aksjemajoritet på 65 prosent i Bergen Havn Ågotnes AS og dermed ansvar for å leggja til rette for den vidare utviklinga av den regionale godshamna. CCB skal gjennom eit forpliktande samarbeid med kommunen ta ansvar for etablering, drift og vidare utvikling av hamna. 
Byggjer vidare på eit etablert hamne- og industrimiljø.

- CCB er meir enn ein lokasjon. Vi er ein del av eit konsern og driv hamneverksemd både på Ågotnes og fleire stader langs kysten i dag, seier Jan Dagfinn Lund, konsernsjef/ CEO i CCB. 

- Ved å utnytta dagens areal og maskinpark, samt sjå på utviklingsmoglegheiter, har vi gode føresetnader for å driva ein regional godshamn, fortset Lund. 

Jan Dagfinn Lund - Klikk for stort bileteJan Dagfinn Lund Vigleik Brekke


Den nye godshamna skal nemleg i stor grad byggja vidare på eksisterande infrastruktur og aktivitet på CCB, som i dag har om lag 700 000 kvadratmeter baseareal og over éin kilometer kai, i tillegg til lager, verkstader, kranar og anna logistikkutstyr. 

Lokaliseringa av ny godshamn gir moglegheiter for å utnytta eksisterande kapasitet betre og skapa synergiar mellom godshamn, logistikk, offshore- og energiverksemd og maritim service. Reiarlag og fartøy vil mellom anna kunna få tilgang til tenester som drivstoff, landstraum, agenttenester og skipsvedlikehald på same stad. 

Ambisjonen strekkjer seg dermed lenger enn å flytta dagens gods frå éin stad til ein annan. Ei meir samla utvikling av hamn, industri og logistikk kan bidra til nye investeringar, betre ressursutnytting og styrking av den maritime og industrielle klynga på Ågotnes.

Tertnes Holding vil utvikla Bleivasshaugane

Parallelt med utviklinga av godshamna skal det leggjast til rette for ny næringsutvikling i området. Øygarden kommune har inngått avtale med Tertnes Holding om vidare utvikling av næringsareala på Bleivasshaugane, som ligg i tilknyting til hamneområdet. 

Kombinasjonen av hamn, næringsareal og eksisterande industri gir potensial for nye etableringar og tettare koplingar mellom blant anna logistikk, maritim verksemd, energi og industri. Samla kan dette bidra til nye arbeidsplassar og auka verdiskaping både lokalt og regionalt.

Skal utforska framtidas sjøtransport

Øygarden kommune ønskjer å nytta etableringa av den nye godshamna til å sjå framover. Eitt av initiativa det skal arbeidast vidare med, er kystdrone.

Gjennom Framtidssamfunnet, ønskjer kommunen i prosjektet å greia ut om autonome og utsleppsfrie sjødronefartøy kan inngå i eit framtidig regionalt logistikknettverk, der gods kan transporterast sjøvegen mellom godshamna på Ågotnes og aktuelle mottak i regionen.

KI-generert bilete av sjødrone - Klikk for stort bileteKI-generert bilete av sjødrone Marianne Furheim

I første omgang skal moglegheitene utgreiast. Målet er å få kunnskap om mellom anna logistikk, teknologi, økonomi, mottakspunkt og potensielle miljøgevinstar før det eventuelt blir aktuelt å testa ei løysing i praksis.

Prosjektet skal utviklast i eit breitt samarbeid mellom offentlege aktørar, næringsliv og akademia. CCB og Tertnes Holding ønskjer å bidra inn i det vidare arbeidet, og Wilhelmsen har vist interesse for prosjektet og representerer viktig erfaring og kompetanse innan autonome maritime løysingar. 

I tillegg har kommunen tett dialog med andre relevante aktørar, mellom anna frå akademia. Når vedtaket om flytting av godshamna no er på plass, kan arbeidet med kystdrone gå vidare inn i ein meir konkret fase. Det inneber mellom anna å samla aktuelle samarbeidspartnarar og konkretisera organisering, arbeidsplan og innhald i utgreiinga.

Endeleg partnarsamansetjing og organisering vil bli avklart som del av dette arbeidet.

- Vi skal ikkje berre flytta dagens godshamn og dagens logistikkløysingar. Etableringa på Ågotnes gir oss  moglegheit til å tenkja nytt om korleis sjøtransport, teknologi og næringsutvikling kan spela saman. Kystdrone er eitt av initiativa der vi ønskjer å utforska desse moglegheitene, seier næringssjef Marianne Furheim.

Ei løysing for både Bergen og Øygarden

For Bergen legg flyttinga til rette for vidare byutvikling på Dokken. For Øygarden opnar ho for vidare utvikling av Ågotnes som maritimt og industrielt knutepunkt. Den samla ambisjonen er å sikra regionen ei framtidsretta og konkurransedyktig godshamn, samtidig som det blir lagt til rette for meir sjøtransport, nye investeringar og vidare næringsutvikling