Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa litt om det som har skjedd i veke 37.

Framdrifta må sikrast for Sotrasambandet

Ordførar Tom Georg Indrevik reagerer sterkt på signala frå Statens vegvesen om at Sotrasambandet vert forseinka.
- Vi kan ikkje akseptera ytterlegare forseinkingar, og vi må vita kva tid sambandet opnar, seier ordføraren. Han seier dette etter at Statens vegvesen torsdag føremiddag i ei pressemelding opplyser at Sotrasambandet ikkje vert opna for trafikk i 2027 likevel.
Les meir.

Mange innspel til budsjettet frå eldrerådet

Eldrerådet gav på møtet torsdag denne veka innspel til budsjett 2027 og økonomiplan 2027-2030. Rådet føreslår mellom anna å prøva ut eit prosjekt med «sjukehus heim» i eit digitalt samarbeid med helseføretaka.
Les meir.

Presenterer arealdelen til kommuneplanen

Kommuneplanutvalet skal på møtet den 15. september gje tilråding om forslaget til ny arealdel til kommuneplanen 2027-2039 skal leggjast ut på høyring. Dette vert den første samlande arealdelen for Øygarden kommune. Planen fastset hovudstrukturen for bruk, vern og utvikling av areala i kommunen.
Les meir. 

Kong Haralds gravferd

Hans Majestet Kong Harald V vart gravlagd onsdag 9. september. Det vart flagga på halv stong på dei kommunale flaggstengene. Skular, barnehagar og SFO heldt ope som normalt. I sørgeperioden vart flagga med halv stong ved rådhuset på Straume og ved kommunedelsentera i Skogsskiftet og på Rong. Etter gravferda vart flagget heist på heil stong.
Les meir. 

Vil skjerma tenester retta mot barn og unge

Ungdomsrådet gav  på møtet på tysdag denne veka uttale til budsjett 2027 og økonomiplan 2027-2030. Rådet seier i uttalen at det er viktig at dei unge ikkje vert nedprioriterte som følgje av at delen eldre i samfunnet aukar. Ungdomsrådet meiner at låg grunnbemanning i kommunen fører til høge kostnader til vikarar, og at dette kan vera ei lite effektiv bruk av ressursar.
Les meir. 

Prioriterer gode tenester og bustader

Råd for personar med funksjonsnedsetjing (RFF) gav på møtet tysdag denne veka innspel til budsjettet for 2027 og økonomiplanen for 2027-2030. RFF presiserer i uttalen at det er viktig å prioritera gode tenester og bustader for det aukande talet på menneske i alle aldrar med større behov for tilrettelegging.

Vi treng bøsseberarar til TV-aksjonen 

Sundag 18. oktober går TV-aksjonen 2026 av stabelen, og no treng vi bøsseberarar i heile Øygarden kommune.TV-aksjonen er Noregs største dugnad, og kvart år går tusenvis av frivillige frå dør til dør for å samla inn pengar til ei viktig sak. I år går inntektene på TV-aksjonen til NRC Flyktninghjelpen.Les meir. 

Endringar i parkeringsreglane for delte elsparkesyklar på Straume

Etter sommaren har kommunen merkt opp eigne parkeringsfelt for delte elsparkesyklar rundt kjøpesenteret og Straume terminal, ved Straume Arena og ved Straume sjøfront.
Les meir. 

Mellombels bortfall av kommunal veterinærvakt for smådyr

Det vert ikkje kommunal veterinærvakt for smådyr utanom dei ordinære opningstidene til veterinærklinikkane frå sundag 13. september kl. 08.00 til fredag 18. september kl. 08.00.
Les meir.

Varaordføraren neste veke (37)

  • 07.09.:  Interne møte
  • 08.09.:  Trafikktryggingsutvalet (Vestland fylke)
                 Råd med personar med funksjonsnedsetjing
                 Ungdomsrådet
  • 10.09.:  Eldrerådet
                 Styremøte Det vestnorske teater 
                 Styremøte Stiftelsen Bymuseet
  • 11.09.:  Dialogmøte
  • 12.09.:  Gruppemøte KPA