Nestleiar Rebekka Kvaal (til venstre) og leiar Alva Betine KilvikUngdomsrådet meiner at låg grunnbemanning i kommunen fører til høge kostnader til vikarar, og at dette kan vera ein lite effektiv bruk av ressursar. Rådet ber difor om at kommunen vurderer tiltak for å styrkja grunnbemanninga i tenester der det er mykje vikarbruk, for å redusera utgifter og sikra meir stabile tilbod. Dette gjeld spesielt i skular og barnehagar, for å sikra stabilitet for barn.
Rådet meiner også kommunen bør styrkja tiltak knytt til psykisk helse og tiltak som byggjer bru mellom ungdom og eldre. Les heile uttalen her.
Alternative opplæringsarenaer
Ungdomsrådet slutta seg til innstillinga frå kommunedirektøren om å vidareføra dei eksterne alternative opplæringsarenaene på om lag same nivå og med same hovudinnretning som i dag. Eventuelle endringar i tilbodet skal vurderast og innarbeidast i dei årlege budsjett- og økonomiplanprosessane.
Rådet la til eit punkt om at det er viktig å prioritera eit alternativt tilbod til elever som fell utanfor ordinær skulegang og oppfordrar kommunen til å utvida tilbodet for å treffa fleire av dei som står i fare for å falla utanfor.
I tilrådinga, der ungdomsrådet slutta seg til innstillinga frå kommunedirektøren, heiter det at ein ber kommunedirektøren å vidareføra samarbeidet med Universitetet i Bergen og Høgskulen på Vestlandet om forsking og kunnskapsutvikling knytt til alternative opplæringsarenaer. Evalueringa som er gjort dannar grunnlag for vidare utvikling av dei alternative opplæringsarenaene.
I dag har Øygarden kommune avtale med tre tilbydarar (22 elevar) og brukar i dag om lag 2,5 millionar kroner årleg til alternative opplæringsarenaer for dei som har store utfordringar med å klara å nyttiggjera seg tilbodet som skulane kan gje.
Frå møtet i ungdomsrådet på tysdagOgså tiltak i distrikta må få støtte
Det låg føre sak om tilskotsordninga for tiltak retta mot barn og unge. I juni vedtok kommunestyret å setja av eín million kroner til denne ekstraordinære søknadsbaserte tilskotsordninga.
Ungdomsrådet støttar kommunedirektøren sitt forslag, og ber om at administrasjonen ved tildelinga sikrar ei geografisk fordeling av midlane, slik at tiltak i distrikta også får støtte og ikkje berre tiltak på Straume.
Følgjer opp handlingsplan
Ungdomsrådet drøfta handlingsplanen og konkluderte med at det til neste møte vert jobba med planen i mindre grupper og at administrasjonen legg til rette for vidare arbeid med, og konkretisering av, handlingsplanen slik det går fram av behandlinga i møtet.
I drøftinga kom det innspel om fleire tema som er aktuelle for ungdomsrådet. Dette var avfallshandtering, kollektivtransport, korleis byggja ein kommune vi vil bu i og samhandling mellom unge og eldre i kommunen.
Her kan du lesa innkalling med saksdokument.
Tekst og foto: Vigleik Brekke