Øygarden kommune
Kyrkjene
På gravferdsdagen vert det også flagga ved alle kyrkjene i Øygarden. Klokka 13.00 ringjer kyrkjeklokkene tre slag og tre nye slag klokka 13.01. Når seremonien ved gravstaden i Akershus slottskirke er avslutta, vil klokkene ringja frå alle kyrkjene i éin time. I Sund kyrkje er det eit arrangement på ettermiddagen, og der vil ringinga difor vera avgrensa til 15 minutt. I Hjelme gamle kyrkje er det manuell ringing.
Møteaktivitet
Det vert ikkje gjennomført møte (interne/eksterne) i regi av kommunen på gravferdsdagen etter klokka 12.00.
Skulane
Skulane, barnehagane og SFO held ope som normalt. På skulane vert det den 9. september obligatorisk markering med eitt minutts stille kl. 13.00.
Barnehagar og skular vil elles markera sjølve gravferdsdagen, men innhald og form på dette vert tilpassa den enkelte skule/barnehage og alderen til barna og elevane.
Institusjonane
På institusjonane vert det på eigna plass sett opp bilete av kongen med lys og blomar.
Det vert invitert til fellessamling for å følgja sendinga på TV.
Høve til å sjå gravferda på TV
Det vert generelt lagt til rette for at tilsette i Øygarden kommune kan følgja gravferda på TV. Nokre stader skjer det på felles storskjerm.
Gravferda vert vist på skjerm i kyrkjekjellaren i Foldnes kyrkje og i kyrkjelydssalen i Fjell kyrkje.
Kondolanseprotokollar
Det er lagt ut kondolanseprotokoll på innbyggartorga på Straume, i Skogsskiftet og på Rong. Desse er tilgjengelege i opningstida fram til og med gravferda den 9. september. Kondolanseprotokollane vert tekne vare på og plassert i arkivet til Det kongelege hoff.