Endringar i parkeringsreglane for delte elsparkesyklar på Straume

Etter sommaren har kommunen merkt opp eigne parkeringsfelt for delte elsparkesyklar rundt kjøpesenteret og Straume terminal, ved Straume Arena og ved Straume sjøfront.

Parkeringsplass for elsparkesyklar - Klikk for stort bileteParkeringsplass for elsparkesyklar | Foto: Christoph Beidenhauser

Vi har også bede utleigeselskapet Voi om å tilpassa geogjerda slik at dei samsvarer med dei nye parkeringsområda. I område med parkeringsforbod kan brukarane berre parkera elsparkesyklar innanfor dei oppmerkte parkeringsfelta.

Målet med tiltaket er å skapa meir ryddige parkeringsforhold i Straume sentrum. Vi ønskjer særleg å betra situasjonen i område der det ofte samlar seg mange parkerte elsparkesyklar, og å gi innbyggjarane eit meir føreseieleg tilbod.

Vi vil også minna om at det er forbode å køyra elsparkesykkel på fotballbaner og andre idrettsanlegg i kommunen. Dette gjeld både private og delte elsparkesyklar.Køyring på kunstgrasbaner og idrettsanlegg kan øydeleggja kunstgraset. I verste fall kan det også skada underlaget, noko som kan føra til omfattande reparasjonar og stenging av anlegga.

Her kan du lesa meir om kva reglar som gjeld for elsparkesyklar.

Fotogalleri

Parkeringsplass for elsparkesyklar - Klikk for stort bilete
Parkeringsplass for elsparkesyklar - Klikk for stort bilete


Tekst: Christoph Beidenhauser