Presenterer arealdelen til kommuneplanen

Kommuneplanutvalet skal på møtet den 15. september gje tilråding om forslaget til ny arealdel til kommuneplanen 2027-2039 skal leggjast ut på høyring.

Leiar i kommuneplanutvalet, Svein Otto Jacobsen, saman med tre medarbeidarar som har arbeidd svært mykje med arealdelen til kommuneplanen dei siste åra; Lisbeth Selstø, Tonje Kyrkjeeide Åsebø og Kristina Espeseth. - Klikk for stort bileteLeiar i kommuneplanutvalet, Svein Otto Jacobsen, saman med tre medarbeidarar som har arbeidd svært mykje med arealdelen til kommuneplanen dei siste åra; Lisbeth Selstø, Tonje Kyrkjeeide Åsebø og Kristina Espeseth.

Dette vert den første samlande arealdelen for Øygarden kommune. Planen fastset hovudstrukturen for bruk, vern og utvikling av areala i kommunen.

Her er lenkje til innsynsløysing for forslag til nytt plankart.

Lenkje til innsynsløysing for innspela, med fagleg tilrådingog resultatet frå KU og ROS. (KU: konsekvensutgreiing, ROS: risiko- og sårbarheitsanalyse).

Den 23. september avgjer kommunestyret om framlegget skal leggjast ut til høyring og offentleg ettersyn.

Høyringsperioden er føreslått til perioden 1. oktober til 12. november.

Arealdelen er samansett av tre hovuddokument; plankart, føresegner og planskildring. 

Planen har eit perspektiv på kva arealbruk vi har dei neste åra, men samstundes viser han dei langsiktige utviklingsstrukturane i kommunen fram mot 2050. Dette er den første felles arealdelen for den nye kommunen med like føringar og føreseieleg arealbruk for heile kommunen.

Det er kome inn 1 741 innspel. Mange handla om endra arealbruk. Det er kome om lag 10 innspel med forslag til forbetring av føresegner. Det er 100 innspel om å ta vare på verdiar. 

Det vert kontordagar slik på innbyggartorga og biblioteka slik:

  • Skogsskiftet tysdag 27. oktober kl. 12.00 – 18.00.
  • Straume onsdag 28. oktober kl. 12.00 – 18.00
  • Rong torsdag 29. oktober kl. 12.00 – 18.00.


Her er innkalling med saksdokument.