Vi treng bøsseberarar til TV-aksjonen

Sundag 18. oktober går TV-aksjonen 2026 av stabelen, og no treng vi bøsseberarar i heile Øygarden kommune.

NRK TV-aksjonen

TV-aksjonen er Noregs største dugnad, og kvart år går tusenvis av frivillige frå dør til dør for å samla inn pengar til ei viktig sak. I år går inntektene frå TV-aksjonen til NRC Flyktninghjelpen, som hjelper menneske på flukt frå krig og konflikt med ein trygg stad å bu og håp for framtida.

Pengane frå aksjonen i år skal bidra til å hjelpa meir enn 400 000 menneske i mellom anna Syria, Gaza, Sudan, Tsjad, Den demokratiske republikken Kongo og Afghanistan. 

Vil du vera med?

Vi håpar mange øygardingar vil vera med på dugnaden. Anten du melder deg som enkeltperson, familie, vennegjeng, lag, foreining eller arbeidsplass, er innsatsen din verdifull.

Å vera bøsseberar tek berre nokre få timar, men kan bety mykje for menneske som har mist heimane sine på grunn av krig og konflikt. Innsamlinga skal bidra til at fleire familiar får ein trygg kvardag og moglegheita til å skapa seg ei ny framtid. 

Meld deg på som bøsseberar

Du kan melda deg på som bøssebærar her

Har du spørsmål, ta gjerne kontakt:


Saman gjer vi ein forskjell.

TV-aksjonen handlar om fellesskap, omtanke og engasjement. Vi håpar du vil vera med og bidra til at Øygarden får ei flott gjennomføring av årets aksjon.

Bli med på Noregs største dugnad sundag 18. oktober!