Mange innspel til budsjettet frå eldrerådet

Eldrerådet gav på møtet torsdag denne veka innspel til budsjett 2027 og økonomiplan 2027-2030. Rådet føreslår mellom anna å prøva ut eit prosjekt med «sjukehus heim» i eit digitalt samarbeid med helseføretaka.

Eldrerådet. Frå venstre; Janne Mo (administrasjonen), Jan Utkilen, Øyvind Strandheim, Kari Johnsen, Berit Anita Knudtsen Larsen (nestleiar), Elna Nybakk (leiar), Eli Bergsvik, Gunn Glimsdal, Per Arne Jakobsen, Linda Hellesund og Anita Garlid Johannessen (varaordførar- politisk kontakt). - Klikk for stort bileteEldrerådet. Frå venstre; Janne Mo (administrasjonen), Jan Utkilen, Øyvind Strandheim, Kari Johnsen, Berit Anita Knudtsen Larsen (nestleiar), Elna Nybakk (leiar), Eli Bergsvik, Gunn Glimsdal, Per Arne Jakobsen, Linda Hellesund og Anita Garlid Johannessen (varaordførar- politisk kontakt).

Det var Jan Utkilen som presenterte forslaget til innspel og som vart samrøystes vedteke. Eldrerådet slutta seg også til eit framlegg frå Berit Anita Knudtsen Larsen.

Eldrerådet  ønskjer mellom anna å utvida omfanget av velferdsteknologi i heimetenestene for at eldre og menneske med nedsett funksjonshemming kan bu livet ut i eigen heim dersom det er eit ønske. Rådet vil at kommunen vurderer å organisera dei kommunale helseinstitusjonane i eitt eller fleire føretak/aksjeselskap. Eldrerådet føreslår fleirfunksjonelt kulturbygg på Stovevatnet i samband med utbygging av ny vidaregåande skule.

I driftsbudsjettet føreslår eldrerådet heimebuande eldre må få tilbod om varm mat ein gong i døgnet. Det må vurderast å etablera eit lokalt utdanningstilbod for å rekruttera og behalda helsepersonell. Andre tiltak er å innføra gratis 1. tannlegetime ved vurdering av hjelpebehov for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne.

Vidare ønskjer rådet å samordna innsatsteam og bruk av velferdsteknologi og å utvida ny sjukeheim på Straume med relevante helsetilbod samlokalisert med eksisterande bygningsmasse i Helselandsbyen. 
Her kan du lesa heile innspelet. (PDF, 79 kB)

Prøveprosjekt

Rådet slutta seg til eit framlegg frå Knudtsen Larsen om at det i budsjett og økonomiplan vert sett av ressursar til oppstart av eit prøveprosjekt om frivillige si rolle i eldreomsorga ved ein av sjukeheimane i kommunen og ein pårørandeskule i samarbeid med Universitetet i Bergen (UiB) og Høgskulen på Vestlandet (HVL). Eldrerådet ønskjer å vera representert i begge prosjekta.

Eldrerådet behandla også møteplan for 2027.

Før behandling av sakene, var det orientering om politiske saker v/ politisk kontakt Anita Garlid Johannessen (varaordførar), tannhelsetenesta, digital heimesjukepleie og status for bygging av ny sjukeheim på Straume.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke