Framdrifta må sikrast for Sotrasambandet
Ordførar Tom Georg Indrevik reagerer sterkt på signala frå Statens vegvesen om at Sotrasambandet vert forseinka.
- Vi kan ikkje akseptera ytterlegare forseinkingar, og vi må vita kva tid sambandet opnar, seier ordføraren.

Han seier dette etter at Statens vegvesen torsdag føremiddag i ei pressemelding opplyser at Sotrasambandet ikkje vert opna for trafikk i 2027 likevel. Statens vegvesen kan heller ikkje fastsetja ny opningsdato.
Ordføraren viser til at opphavleg skulle hovudsambandet opnast for trafikk 1. juni 2027. Tidlegare i år kom det signal om at sambandet skulle opnast fjerde kvartal 2027.
Tom Georg Indrevik meiner at Statens vegvesen, som byggherre og bestillar, må sikra at prosjektet får ei så rask framdrift som mogleg og ber om ein opningsdato for det nye sambandet.
- Mange er avhengige av dette sambandet kvar dag. Forseinkinga er ei stor belastning for innbyggjarane i regionen som nyttar vegen mellom fastlandet og Øygarden. Eín dag med ytterlegare forseinking er eín dag for mykje. Vi kan ikkje akseptera at lokalbefolkninga og brukarane av sambandet vert kasteballar i ein diskusjon om kontraktmessige forhold mellom partane i prosjektet, seier ordføraren.
Tekst og foto: Vigleik Brekke
Publisert 10.09.2026 10.21