Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa litt om det som har skjedd i veke 34.

- Eg vil gjerne gje det vesle ekstra

Eini Hansen og Even Algrøy er to av dei 23 nye lærlingane som har starta med den praktiske delen av utdanninga no i august.
- Eg likar å arbeida med folk, og eg vil gjerne bety ein forskjell for bebuarane, seier Eini. Lærlingane har hatt to innføringsdagar; 10. og 17. august. No ventar to år med praksis og eit reelt møte med arbeidslivet.
Les meir.

Velkomen til helsekor!

Frå onsdag 26. august vert vert heimebuande eldre frå 60 invitert til å synga saman i helsekor på Sund aktivitets- og fleirbrukstun (SAFT). 
- Korøvingane vert ei god treningsøkt for både kropp og hovud, seier kulturskulelærar Åshild Eriksen. Det vert invitert til helsekor på onsdagar kl. 10.30-12.30 utover hausten.
Les meir.

Jobberfaring på Basecamp

Denne hausten inviterer Basecamp på Sartor, ungdom mellom 15 og 17 år til å få sin første deltidsjobb. Dette er eit nytt tilbod om arbeidstrening og eit viktig førebyggjande tiltak for ungdom i kommunen. Prosjektet Basecamp Kickstart er på 50 timar og er retta mot ungdom som går på vidaregåande skule og manglar tidlegare arbeidserfaring.
Les meir.

Arendalsuka 2026: Kraft, beredskap og verdiskaping

Arendalsuka samla også i år politikarar, næringsliv, forskingsmiljø og organisasjonar til debattar om sentrale samfunns- og næringsspørsmål. Gjennom veka deltok Øygarden kommune på fleire arrangement og møte med aktørar frå næringsliv, offentleg sektor og interesseorganisasjonar.
Les meir.

Barneverntenesta søkjer hybel med vertsfamilie

Barneverntenesta i Øygarden kommune søkjer hyblar for ungdommar som er på veg inn i ein meir sjølvstendig kvardag, men som framleis har behov for ein trygg vaksen i nærleiken.
Les meir.

Høyring om forvaltningsplan for grågås i Øygarden kommune

Øygarden kommune ved plan- og miljøutvalet fatta den 04.06.26 vedtak om at forslag til ny forvaltningsplan for grågås i Øygarden kommune vert lagt ut til offentleg ettersyn. Frist for å gi innspel er 01.10.2026.
Les meir.

Inviterer til temakveld om trygt ungdomsmiljø

Foreldre og føresette for 7. – 10. trinn vert inviterte til temakveld «Saman for eit trygt ungdomsmiljø» torsdag 24. september. Temakvelden er eit samarbeid mellom Øygarden kommune, Vest politidistrikt og Natteravnene på Straume.
Les meir.

Drop-in kafé - Samtaletilbod for kreftramma, pårørande og etterlatne

Her kan du koma innom for ein kopp kaffi og ein god prat i trygge rammer. Du møter andre som har erfaring med kreft, og som kan ha liknande opplevingar som deg. Du kan dela erfaringar, tankar, stilla spørsmål eller berre vera saman.
Les meir. 

Invitasjon til samtalegruppe for pårørande til personar med demens

Er du pårørande til ein med demenssjukdom? I haust tilbyr Øygarden og Askøy kommunar samtalegrupper i samarbeid med ConnectDem, ei ideell verksemd som tilbyr pårørandeprogrammet – eit relasjonsbasert program ved demens.
Les meir.

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (34)

  • 17.08.:  Interne møte
                 Møte med leiinga i Høgre
  • 18.08.:  Møte Øygarden bustadforvaltning
  • 19.08.-21.08.:  Hovudstyremøte i KS (fellesorganisasjon for kommunane)
  • 22.08.:  Fire vigslar