Kunngjeringsdato: 20.08.2026
Merknadsfrist: 01.10.2026
Saksnummer: 25/428-3
Status: Høyring
Om forslaget
Grågås | Foto: Kathy Buscher, PixabayØygarden kommune har i ein del år hatt utfordringar med beitande grågjess i fleire landbruksområde, og behovet for ein forvaltingsplan har vore til stades. Planen som no ligg føre, skal gjelda for perioden 2026–2030. Målet med planen, og eit nytt kunnskapsgrunnlag (NNI-rapport 709), er at han skal gje rammer for forvaltinga av grågås i Øygarden kommune, og peika ut mål og strategiar som kan bidra til å løysa utfordringar og lokale konfliktar med beitande grågjess.
På oppdrag frå Øygarden kommune har Arnold Håland, NNI Resources AS, utarbeidd ein ny forvaltningsplan for heile Øygarden kommune. Den nye planen inkluderer ny og oppdatert kunnskap.
Forvaltingsplanen skal vera eit verktøy for kommunen og grunneigarar/rettshavarar, i eit samarbeid om forvaltinga av kommunen sin bestand av grågås. I tillegg til nasjonale mål med omsyn til å ta vare på ville artar, jf. nml §4 og §5, skal planen skildra verkemiddel og tiltak som kan nyttast innanfor ramma av nasjonalt lovverk og internasjonale avtalar. Eit av hovudmåla i den nye planen for grågås i Øygarden kommune er at temaet gåsebeiting–landbruk, inkludert lokalt tap av fôrressursar, skal handsamast med grunnlag i vedtekne føringar i planen.
Det er både positive og negative sider ved å ha store bestandar av grågås. For landbruket kan beiteskadar vera ei stor utfordring, medan mange opplever grågåsa som ein viktig art i økosystemet. Ho gir positive naturopplevingar og skapar høve til både fotografering, fuglekikking og jakt.
Dokument i saka
Har du merknadar?
Eventuelle merknadar og innspel kan formidlast kommunen som:
Frist for å koma med merknad er sett til: 01.10.2026. Merk med saksnummer 25/428-3.