- Eg vil gjerne gje det vesle ekstra

Eini Hansen og Even Algrøy er to av dei 23 nye lærlingane som har starta med den praktiske delen av utdanninga no i august.
- Eg likar å arbeida med folk, og eg vil gjerne bety ein forskjell for bebuarane, seier Eini.

Even Algrøy og Eini Hansen er klare for praksisdelen i utdanninga. - Klikk for stort bileteEven Algrøy og Eini Hansen er klare for praksisdelen i utdanninga.

Lærlingane har hatt to innføringsdagar; 10. og 17. august. No ventar to år med praksis og eit reelt møte med arbeidslivet. Lærebedrifta (dei aktuelle einingane i Øygarden kommune) skal i samarbeid med lærlingordninga i Øygarden kommune syta for at lærlingen får den opplæringa som er nødvendig og at lærlingen når dei fastsette måla.

Begge to starta praksisen i sist veke. Dei opplever at arbeidsplassane har teke godt imot dei som nye medarbeidarar.

Even Algrøy (19) kjem frå Øygarden har fått plass på Skogsvåg skule. Han har tidlegare vore elev på Dale Oen Academy og seinare jobba der. Han har også erfaring som turntrenar og e-sporttrenar.

- Eg er flink til å arbeida med barn og meiner at eg har evne til å «gå inn i hjernen» til barna. Då eg gjekk på Sotra vidaregåande skule, avdeling Sund, og inviterte vi barn frå Skogsvåg skule til oss som ein del av opplæringa, seier Even.

Dei nye lærlingane i august saman med ansvarlege for lærlingordninga i Øygarden kommune. - Klikk for stort bileteDei nye lærlingane i august saman med ansvarlege for lærlingordninga i Øygarden kommune.

Opplæringsdagane er nyttige

No er dei to ferdige med to opplæringsdagar.

- Det har vore mykje informasjon på eìn gong. Det hjelper at vi kan gå inn digitalt og finna den informasjonen vi har bruk for, seier Even Algrøy.

Eini Hansen (24) kjem frå Askøy. Mora hennar er helsefagarbeidar, og Eini har fått vera med mora på jobb. Den første delen av praksisperioden skal vera på Fjell sjukeheim.

- Eg var som ein miniassistent og fekk kunnskap om dette yrket då eg fekk vera med mora på arbeid. Eg har jobba på aktivitetssenter i Bergen og likar å arbeida med folk, seier ho.

Eini har hatt eì vanleg vakt og to langvakter så langt.

- Det har gått fint og eg er veldig fornøgd med starten. Den personelge instruktøren min er flink med både meg og bebuarane, seier Eini som også opplever at det er mykje informasjon ein må setja seg inn i den første tida. 

Ein del av teamet

Varaordførar Anita Garlid Johannessen møtte lærlingane på den andre opplæringsdagen (17. august). Ho sa at det er utfordrande og spennande å vera lærling. Lærlingane vert ein del av teamet. Dei som er der frå før har eit ansvar for å ta godt imot lærlingane.

- Som lærling må du aldri gløyma at dei andre på arbeidsplassen er avhengige av deg, og dei ventar på deg. Start dagen med eit smil, oppmoda ho.

Garlid Johannessen minna også om kor viktig det er å møta opp presis.

- Det er nokre som ventar på deg. Lukke til vidare, vi treng dykk, sa varaordføraren.

Varaordførar Anita Garlid Johannessen - Klikk for stort bileteVaraordførar Anita Garlid Johannessen

Ser fram til ny jobb

Avdelingsleiar Ragnhild K Magerøy har no overteke hovudansvaret for lærlingane etter Linda Eli Haugstad. Ho har mange års erfaring som leiar, no sist som rektor på Foldnes skule.

- Eg ser fram til nye oppgåver. Som leiar kjenner eg godt til arbeidsgjevarrolla, men det er mykje nytt og spennande med denne jobben. Eg er glad for å ha gode kollegaer, seier ho.

Frå tidlegare arbeidsplassar er ho godt kjend med barne- og ungdomsarbeidarfaget. 

- Lærlingane er viktige medspelarar på arbeidsplassane, og deira bidrag er kjempeviktige. Lærlingane får god oppfølging der kvar enkelt lærling har eigen instruktør, seier avdelingsleiaren.

Mona Helen Krogsveen (fagleiar BUA-faget - HR, forvaltning og kvalitet), Britt Kålås (fagleiar personal), Ragnhild K Magerøy (avdelingsleiar lærlingar) og Linda Eli Haugstad (rådgjevar personal og organisasjonsutvikling). - Klikk for stort bileteMona Helen Krogsveen (fagleiar BUA-faget - HR, forvaltning og kvalitet), Britt Kålås (fagleiar personal), Ragnhild K Magerøy (avdelingsleiar lærlingar) og Linda Eli Haugstad (rådgjevar personal og organisasjonsutvikling).

Kommunalsjef for Organisasjon og beredskap, Anne-Merete Vabø Haugane helste til lærlingane på den første opplæringsdagen (10. august). Ho viste til at dei fleste lærlingane er innan helsefag og barne- og ungdomsarbeidar.

- De skal inn i yrke som representerer kommunen. Når ein kjenner at dei minste og eldste vert tekne godt vare på, då er opplevinga av kommunen god, slik dei fleste ser det. Korleis dette vert opplevd kjem ikkje an på studiepoeng og utdanning, men absolutt på kompetanse. Det handlar om kompetanse på kontakt, kommunikasjon og opplevinga av verkeleg omsorg, sa kommunalsjefen. 

Kommunalsjef for Organisasjon og beredskap Anne-Merete Vabø Haugane - Klikk for stort bileteKommunalsjef for Organisasjon og beredskap Anne-Merete Vabø Haugane

Ho understreka også at dei andre lærlingane er svært viktige i sine roller for å hjelpa tilsette med det som ofte skjer meir i kulissene for innbyggjarane.

Dette året er det 23 nye lærlingar, åtte barne- og ungdomsarbeidarar, ni helsefagarbeidarar, tre i IT-driftsfaget og tre i service- og administrasjonsfaget. Inklusive lærlingane som no tek andreåret, er det no 68 lærlingar i Øygarden kommune.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Linda Eli Haugstad og Vigleik Brekke