Arendalsuka 2026: Kraft, beredskap og verdiskaping

Arendalsuka samla også i år politikarar, næringsliv, forskingsmiljø og organisasjonar til debattar om sentrale samfunns- og næringsspørsmål. Gjennom veka deltok Øygarden kommune på fleire arrangement og møte med aktørar frå næringsliv, offentleg sektor og interesseorganisasjonar.

I tillegg til dei opne debattane gav Arendalsuka gode høve til dialog, erfaringsutveksling og relasjonsbygging. For Øygarden var tema som kraft og energi, forsvar og beredskap, industriutvikling, reiseliv og offentleg nyskaping særleg aktuelle.

Ordføraren deltok på fleire debattar og arrangement gjennom veka. Næringssjefen følgde samstundes ei rekkje sesjonar med stor verdi for næringsutvikling og framtidig verdiskaping i Øygarden. Her er nokre av hovudinntrykka frå arrangementa.

 

Pollen i Arendal i solskin under Arendalsveka.  - Klikk for stort biletePollen i Arendal under blå himmel og solskin under Arendalsveka. ØK

Kraft blir ein stadig viktigare konkurransefaktor

Arrangement: Kraftpakken under lupen

Arrangør: Bergen Næringsråd m.fl.

Deltakarar: Harris Utne (Statnett), Jon Askeland (Vestland fylkeskommune), Rune Bakervik (Ap), Liv Signe Navarsete (Statsforvaltaren i Vestland), Terje Søviknes (Bjørnafjorden kommune/FrP), Monica Mæland (Bergen Næringsråd), Eirik Tennfjord (Bergen kommune).

Debatten synte brei semje om at Noreg treng meir kraft og raskare nettutbygging. Samstundes drøfta deltakarane korleis vi kan balansera behovet for raske prosessar mot omsyn til natur, lokaldemokrati og medverknad. Fleire peika på at dagens system tek for lang tid, og at store kraft- og nettprosjekt ofte stoppar opp i lange planprosessar.

Relevant for Øygarden

Tilgang til kraft og nettkapasitet blir stadig viktigare for ny industri, datasenter og annan næringsverksemd. Debatten understreka kor viktig det er å prioritera areal og nettkapasitet tidleg og vera tydeleg på kva næringsprosjekt kommunen ønskjer å leggja til rette for.

 

Nyskaping krev meir enn pilotprosjekt

Arrangement: Skal offentlege oppgåver finansierast med gåver?

Arrangør: Sparebankforeininga og sparebankstiftingane

Deltakarar: Magnus Eidem (ordstyrar), Eskild Stenhaug (Sparebankstiftelsen Sparebanken Norge), Camilla Dunsæd (Kristiansand kommune), Guri Ramtoft (Sparebankstiftelsen Nome), Inger Brokka de Ruiter (Arendal kommune).

Debatten handla om korleis kommunar i aukande grad søkjer støtte frå stiftingar og private aktørar til samfunnsprosjekt og utviklingsarbeid. Eit sentralt tema var korleis kommunane kan gå frå vellukka pilotar til varige løysingar, og korleis dei kan dokumentera gevinstane over tid.

Relevant for Øygarden

Dette er særleg aktuelt i arbeidet med Framtidssamfunnet og andre utviklingsinitiativ. Utfordringa ligg ofte ikkje i å starta prosjekt, men i å vidareføra og skala opp løysingar som skaper dokumenterbar verdi for innbyggjarar, næringsliv og samfunn.

 

Forsvarsløftet skaper nye moglegheiter

Arrangement: CCB Naval Services: Vedlikehald av marinefartøy: moglegheiter ved militært - sivilt samarbeid

Deltakarar: Terje Paulsen (CCB)

Terje Paulsen_CCB Naval Services.jpg - Klikk for stort bileteTerje Paulsen_CCB Naval Services.jpg ØK

Innlegget handla om vedlikehald av marine fartøy, framtidige forsvarsanskaffingar og behovet for industriell kapasitet. CCB peika på at tidleg involvering av leverandørar, kompetansebygging og tett samarbeid er avgjerande for å møta komande behov.

Relevant for Øygarden

Øygarden har sterke maritime og industrielle miljø som kan spela ei viktig rolle i den nasjonale satsinga på forsvar og beredskap. CCB har i dag avtale med Sjøforsvaret om vedlikehald av fregattar, oppdrag som gjer fleire aktørar både i Ågotnes basen arbeid, men og aktørar i heile regionen. Auka aktivitet innan vedlikehald, logistikk og maritime tenester kan skapa nye arbeidsplassar og meir lokal verdiskaping.

 

Beredskap er blitt ein del av næringspolitikken

Arrangement: Beredskap og krig: kva må næringslivet vere førebudde på?

Deltakarar: Representantar frå Høgskulen på Vestlandet, NHO, Statsforvaltar i Rogaland, Haugaland Kraft, næringskomiteen SV

Beredskap handlar i aukande grad om evna til å halda samfunnet i drift under kriser. Tema som cyberangrep, forsyningstryggleik, energitilgang, kritisk infrastruktur og ansvar for eiga beredskap stod sentralt.

Relevant for Øygarden

Temaet heng tett saman med næringsberedskap, energiforsyning, digital tryggleik og samfunnstryggleik. Samarbeid mellom kommunen, næringslivet og beredskapsaktørane blir stadig viktigare for å byggja robuste lokalsamfunn og konkurransedyktige verksemder.

 

Lokal verdiskaping avgjer om reiselivet får støtte

Arrangement: Cruiseturismens omdøme

Deltakarar: Helge Skaar (ECS), Dag Jarle Aksnes, Trond Blindheim (Høyskolen Kristiania), Arthur Kordt (ECS), Atle Kristian Johannessen (Cruise Norway), Line R. Samuelsen (Destination Lofoten).

Debatten handla om korleis cruisenæringa kan skapa verdi utan å mista legitimiteten i lokalsamfunna. Fleire peika på at utfordringa ikkje først og fremst er talet på turistar, men korleis lokalsamfunna opplever verdiskaping, belastningar og miljøpåverknad.

Relevant for Øygarden

For reisemål langs kysten handlar berekraftig reiseliv om å sikra at verdiane blir verande lokalt. Dokumentasjon av verdiskaping, god besøksstyring og open dialog med innbyggjarane vart framheva som viktige føresetnader for vidare utvikling.

 

Datasenter og ny industriell verdiskaping

Arrangement: Datasenter - er det velsigninga for norsk industri?

Deltakarar: Mellom anna representantar frå Green Mountain, Framo og næringslivet.

Datasenterdebatt.jpg - Klikk for stort bileteDatasenterdebatt frå venstre: Andre Gill, Einar Vaage, Sara Sekkingstad, Truls Gulowsen, Karianne Tung og Truls Dishington ØK

Debatten løfta fram korleis Noreg kan ta med seg teknologi, kompetanse og industrikultur frå olje- og gassnæringa inn i nye marknader. Datasenter vart framheva som ei strategisk moglegheit, men med tydelege krav til kraft, nettkapasitet og lokal verdiskaping.

Relevant for Øygarden

Øygarden har fleire av føresetnadene som deltakarane peika på som viktige for framtidige etableringar. Dette gjeld mellom anna industriområde, logistikk og nærleik til sterke energimiljø. Tilgang til kraft vil vera avgjerande for å ta del i denne utviklinga.

 

Vern, utvikling og føre-var-prinsippet

Arrangement: Arealforvaltning i krysspress: Når usikkerheit trumfar utvikling

Deltakarar: Mellom anna Mads Eidem (DNV) og representantar frå Lerøy, kommunesektoren og forvaltninga.

Debatten tok opp korleis vi kan balansera miljøomsyn, næringsutvikling og god forvaltning i kyst- og havområda. Eit viktig spørsmål var korleis vi kan kombinera berekraftig utvikling med meir føreseielege og effektive prosessar.

Relevant for Øygarden

Temaet er tett knytt til rolla kommunen har som arealforvaltar og vertskap for havbruk, maritim næring og industriutvikling. Debatten synleggjorde behovet for løysingar som tek vare på både miljø, arbeidsplassar og lokal verdiskaping. 

 

Reiseliv med glimt i auget

Arrangement: Kven blir Noregs beste turistminister?

Dette arrangementet hadde ei lettare form enn mange av dei andre debattane under Arendalsuka. Politikarar og næringslivsaktørar fekk prøva seg som «turistminister for ein dag» og presentera sine beste forslag for norsk reiseliv.

Bak humoren låg det likevel alvorlege spørsmål om korleis reiselivet kan bidra til verdiskaping, levande lokalsamfunn og arbeidsplassar i heile landet. Per Arne Tuftin frå Norsk Reiseliv vart kåra til «Noregs beste turistminister».

Relevant for Øygarden

Debatten synte kor viktig reiselivet er som næring. Han understreka også kor avgjerande samarbeid mellom næringsliv, kultur og offentlege styresmakter er for å utvikla attraktive reisemål i framtida. I arbeidet med Berekraftig reisemål, ser ein nettopp parallellane som kom fram i dei ulike innspela. For oss handlar det blant anna om å skapa heilårsturisme som kan gje heilårs arbeidsplassar. 

Turistminister for ein dag - Klikk for stort bileteTuristminister for ein dag ØK

Felles trekk frå Arendalsuka

Fleire tema gjekk att på tvers av arrangementa. Tilgang til kraft, raskare planprosessar, styrkt beredskap, tettare samarbeid mellom offentleg og privat sektor og krav om lokal verdiskaping prega mange av debattane.

For Øygarden understrekar dette kor viktig det er å vera ein aktiv tilretteleggjar for næringsutvikling, kompetansebygging og berekraftig vekst. Arendalsuka synte også verdien av dei mange møta og samtalane som skjer utanfor debattscenene. Gjennom dialog med næringsliv, organisasjonar og offentlege aktørar fekk kommunen nye innspel og styrkte relasjonar som kan bidra til vidare utvikling av Øygarden.

På vegen heim fekk ordføraren og næringssjefen høve til å oppsummera dagane i Arendal og diskutera inntrykka frå debattar, møte og samtalar. Ved Haukeli fekk dei også med seg eit glimt av solformørkinga, ei påminning om at nokre perspektiv blir ekstra tydelege når ein tek seg tid til å stoppa opp. Med nye idear, styrkte relasjonar og fleire tema å arbeida vidare med, vart turen heim ei naturleg avrunding på ei innhaldsrik veke.

Ordfører ser på solformørkelse.JPG - Klikk for stort bileteOrdfører ser på solformørkelse.JPG ØK

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Tekst: Marianne Furheim, Øygarden kommune