Velkomen til helsekor!

Frå onsdag 26. august vert heimebuande eldre frå 60 invitert til å synga saman i helsekor på Sund aktivitets- og fleirbrukstun (SAFT). 
- Korøvingane vert ei god treningsøkt for både kropp og hovud, seier kulturskulelærar Åshild Eriksen. Det vert invitert til helsekor på onsdagar kl. 10.30-12.30 utover hausten. 

Plakat - Klikk for stort bilete Krafttak for sang

Øygarden kommune er ein av tre kommunar i landet som startar opp med dette i haust. Det er eit tilrettelagt korfellesskap for 60 + der det ikkje er krav om songerfaring eller fysisk god form.

- Målet er ikkje å øva fram til ein konsert, men å leggja til rette for fellesskap, meistring og glede. Alle kan syngja, og song gjev oss betre helse. Vi er glade for at Helsedirektoratet har gjeve støtte til dette songprosjektet, seier Åshild Eriksen.

Øygarden kommune har gjennomført Syngjande kommune-programmet, og i samarbeid med Krafttak for song, Song i eldreomsorga, Folkeakademiet Vest og SAFT har ein fått på plass eit tilbod om helsekor allereie i haust.

- No handlar det berre om å møta opp på SAFT i Klokkarvik (Sundvegen 1709) og oppleva fellesskap, song, latter og kjekke aktivitetar. Kom med den stemma du har! oppmodar Eriksen. 

Påmelding til: kolsrudtone@gmail.com