Inviterer til temakveld om trygt ungdomsmiljø
Foreldre og føresette for 7. – 10. trinn vert inviterte til temakveld «Saman for eit trygt ungdomsmiljø» torsdag 24. september. Temakvelden er eit samarbeid mellom Øygarden kommune, Vest politidistrikt og Natteravnene på Straume.
Ill.foto
Colourbox
Ungdom veks opp i ei tid med raske samfunnsendringar, nye digitale arenaer og utfordringar som kan vera krevjande for foreldre å halda seg oppdaterte på. Målet med kvelden er å gi foreldre og føresette meir innsikt i aktuelle trendar og samfunnsutfordringar som påverkar kvardagen til ungdomane. Slik kan vi saman bidra til eit trygt og godt oppvekstmiljø.
Tid og stad:
Torsdag 24. september kl. 18.30-20.30 i kultursalen på Øygarden rådhus.
Program
- Kl. 18.30–18.45: Velkomen ved representantar frå politiet, Øygarden kommune og Natteravnene
- Kl. 18.45–19.30: Ungdom og rus – trendar og utviklingstrekk, Øystein Samsonsen, politikontakt i Bergen sør
- Kl. 19.30–20.15:Rekruttering av barn og ungdom til vald og kriminalitet på sosiale medium, Torbjørn Mørk og Kristian Rossland frå Seksjon for bekjemping av organisert kriminalitet i Vest politidistrikt
- Kl. 20.15–20.30: Kva betyr dette for oss som foreldre? Marius Flesland Sylta, kommunalsjef Oppvekst
Påmelding: Meld deg på gjennom å bruka denne QR-koden. Det er plass til 320 deltakarar:

Arrangørane håpar at så mange som mogleg tek seg tid til å delta. Kunnskap, dialog og samarbeid mellom foreldre, skule, kommune, politi og frivillige er viktige føresetnader for å skapa trygge rammer rundt ungdomane våre.
Publisert 21.08.2026 09.56