Jobberfaring på Basecamp?

Denne hausten inviterer Basecamp på Sartor, ungdom mellom 15 og 17 år til å få sin første deltidsjobb. Dette er eit nytt tilbod om arbeidstrening og eit viktig førebyggjande tiltak for ungdom i kommunen.

Illustrasjonsbilete, reperasjon sykkel - Klikk for stort bileteIll.bilete

Prosjektet Basecamp Kickstart er på 50 timar og er retta mot ungdom som går på vidaregåande skule og manglar tidlegare arbeidserfaring.

Basecamp ordnar det formelle knytt til tilsetjing og løn for dei 50 timane. Både verksemda og ungdomen får ein fast kontaktperson i Basecamp.

For å delta i prosjektet må ungdomane fylla ut søknadsskjema, gjennomføra jobbintervju og delta på førebuande kurs i regi av Basecamp.

Kontakt: kickstart@basecamp-sotra.no og få tilsendt søknadsskjema.
Søknadsfristen er 1. september.