
Skal byggja 40 omsorgsbustader: Kom med innspel!
Øygarden kommune inviterer til marknadsdialog om kjøp av 40 omsorgsbustader på Ågotnes eller Straume. I dette prosjektet er ikkje kommunen byggherre, men kommunen skal kjøpa nøkkelferdige bustader.
Les meir.
Ny ungdomsskule: Startar arbeidet om to veker
I løpet av mai vil arbeidet med å byggja ny ungdomsskule på Bildøyna starta opp. Etter planen skal skulen stå klar til bruk frå august 2028.
- Vi er trygge på at tilsette og elevar vil få eit skulebygg dei kan vera stolte av, seier prosjektleiar i Øygarden kommune, John André Vegge.
Les meir.
Podkastepisode 24: Korleis kan vi hjelpa kvarandre i ein krise?
I denne episoden av podkasten Rådhuset har kommunedirektør i Øygarden, Johnny Breivik, invitert prost Jan Tommy Fosse og kommunepsykolog Kyrre Dyregrov til å snakka om korleis vi kan møta kriser i livet.
Les meir.
Tek betaling for køyretøy på ferja Klokkarvik–Hjellestad
Fylkeskommunen har vedteke at reisande igjen må betala for køyretøy på ferjestrekninga Klokkarvik–Hjellestad. Det vil framleis vera gratis for køyretøy som skal til og frå Lerøy og Bjelkarøy. Endringa trer i kraft frå og med 1. juni.
Les meir.
Markerte nynorskdagen på Stranda skule
12. mai markerte Stranda skule nynorskdagen. Først vart det morgonsamling der dei vaksne dramatiserte Ivar Aasen si innsamling av det nynorske skriftspråket. Dette var ei overrasking for elevane, og det vart godt teke imot med mykje lått og løye.
Les meir.
Konfliktrådet vest søkjer etter nye meklarar
Er du samfunnsengasjert og klar for nye utfordringar? Konfliktrådet vest, søker etter nye meklarar. Meklarar i Øygarden, Askøy, Bjørnafjorden og ev. Bergen vert er særleg oppmoda til å søkja. Som meklar skapar du eit trygt rom for dialog mellom menneske som står på kvar si side av ein konflikt, ei uønskt hending eller eit lovbrot.
Les meir.
Minneord etter Egil Haaland
Politikar i tidlegare Fjell kommune og no Øygarden, Egil Haaland, er død 73 år gamal. Vi hugsar Egil som ein tydeleg og lyttande politikar. Våre tankar går først og fremst til dei næraste. Egil Haaland representerte Arbeidarpartiet og sat i kommunestyret i Fjell i perioden 2015-2019.
Les meir.
Høyring av ny forskrift for hjortejakt i Øygarden
I medhald av forvaltningsloven § 37 godkjenner plan- og miljøutvalet at forslag til forskrift om opning av jakt på hjort, minsteareal som grunnlag for fellingsløyve og fellingsavgift for hjort i Øygarden kommune, vert lagt ut til offentleg ettersyn.
Les meir.