Høyring av ny forskrift for hjortejakt i ØygardenLytt til tekstenStopp avspillingI medhald av forvaltningsloven § 37 godkjenner plan- og miljøutvalet at forslag til forskrift om opning av jakt på hjort, minsteareal som grunnlag for fellingsløyve og fellingsavgift for hjort i Øygarden kommune, vert lagt ut til offentleg ettersyn.Kunngjeringsdato: 11.05.2026Merknadsfrist: 01.07.2026Saksnummer: 26/8329Status: HøyringKort om sakaDen 01.07.2026 trer ny viltressurslov i kraft. Denne lova erstattar den tidlegare viltlova. Som følgje av ny lov er det også behov for å utarbeide ei ny lokal forskrift om opning av jakt på hjort, minsteareal som grunnlag for fellingsløyve og fellingsavgift for hjort i Øygarden kommune. Ny forskrift vil ikkje føre til nokon endring av gjeldande praksis og er berre eit resultat av at tidlegare praksis no må formaliserast gjennom lokal forskrift.Dokument i sakaForslag til ny forskrift (PDF, 157 kB)Høyringsbrev (PDF, 161 kB)Saksframlegg Plan- og miljøutvalet PMU) (PDF, 138 kB)Har du merknadar?Eventuelle merknadar og innspel kan formidlast kommunen som:elektronisk høyringsinnspele-post til postmottak@oygarden.kommune.nobrevpost til Øygarden kommune, v/Areal og samfunnsplan, Ternholmvegen 2 , 5337 RongFrist for å koma med merknad er sett til: 01.07.2026. Merk med saksnummer 26/8329. Publisert 11.05.2026 12.21