Markerte nynorskdagen på Stranda skule

12. mai markerte Stranda skule nynorskdagen. Først var det morgonsamling der dei vaksne dramatiserte Ivar Aasen si innsamling av det nynorske skriftspråket. Dette var ei overrasking for elevane, og det vart godt teke imot med mykje lått og løye. 

Frå dramatiseringa av reisa Ivar Aasen gjorde for å samla inn og lytta til språk og dialektar. På vandringa trefte han på mange med ulike dialektar. - Klikk for stort bileteFrå dramatiseringa av reisa Ivar Aasen gjorde for å samla inn og lytta til språk og dialektar. På vandringa trefte han på mange med ulike dialektar.

Opplegget kan vi takka Nynorsksenteret for, og elevane fekk læra korleis Ivar Aasen vandra gjennom Noreg for å samla inn dialektar frå ulike landsdelar.

Etter dramatisering, var alle elevar og tilsette med og song “Nordmannen (Mellom bakkar og berg). Oppe igjen i klasseromma, fekk elevane eit digitalt forfattarbesøk av Maria Parr. Ho las eit utdrag frå “Oskar og eg - alle tinga vi har”, og inspirerte elevane og dei vaksne til å lesa meir både frå denne boka og andre bøker på nynorsk. 

Frp nynorskdagen ute - Klikk for stort bilete

Vi avslutta nynorskdagen med felles øving til 17. mai, der elevane gjekk i 17. mai-tog og ropte trinnet sine heia-rop. 

Koret på 1.-4. trinn stilte seg opp og øvde på song til 17. mai, før vi avslutta dagen med “Ja, vi elskar”. Ein stolt rektor fekk sjå alle elevar og tilsette synga, rope heia-rop og kosa seg på nynorskdagen!

Ivar Aasen - Klikk for stort bilete



Christel L.Brown
rektor Stranda skule