Ny ungdomsskule: Startar arbeidet om to veker

Planlegginga av ny ungdomsskule er i rute, og i løpet av mai vil det fysiske arbeidet med å byggja ny skule på Bildøyna starta opp. Etter planen skal skulen stå klar til bruk frå august 2028. 
- Vi er trygge på at tilsette og elevar vil få eit skulebygg dei kan vera stolte av, seier prosjektleiar i Øygarden kommune, John André Vegge.

På måndag vart kontrakten for detaljprosjektering og utføring underteikna. Frå venstre; prosjektleiar Veidekke Anders Marum Flaa, prosjektleiar Øygarden kommune John André Vegge, prosjektleiar fase 1 Veidekke Johannes Gullbrå, distriktsleiar Veidekke Bergen Hans Aakre, kommunalsjef for Samfunnsutvikling Øygarden kommune Silje Haukedal, kommunedirektør Johnny Breivik og leiar utbygging Øygarden kommune Christian Alsaker. - Klikk for stort biletePå måndag vart kontrakten for detaljprosjektering og utføring underteikna. Frå venstre; prosjektleiar Veidekke Anders Marum Flaa, prosjektleiar Øygarden kommune John André Vegge, prosjektleiar fase 1 Veidekke Johannes Gullbrå, distriktsleiar Veidekke Bergen Hans Aakre, kommunalsjef for Samfunnsutvikling Øygarden kommune Silje Haukedal, kommunedirektør Johnny Breivik og leiar utbygging Øygarden kommune Christian Alsaker.

På måndag underteikna kommunen og Veidekke kontrakt for detaljprosjektering og utføring. Kontrakten inkluderer nytt undervisningsbygg, infrastruktur og kjellar og er på om lag 437 millionar kroner inklusive meirverdiavgift.

Totalkostnaden inklusive inventar, utstyr, administrasjonskostnader og usikkerheitsavsetting er 650 millionar kroner.

Veidekke underteikna kontrakt om samspelsfase i november 2025 som sidan har vorte vidareutvikla i tett samspel med Øygarden kommune og samarbeidspartnarar fram til innlevert forprosjekt i mars 2026.

Prosjektleiar i Veidekke, Anders Marum Flaa, seier at det har vore eit svært godt samarbeid mellom kommunen og Veidekke.

- Samarbeidet har vore prega av openheit og tillit. No er vi klare for å starta arbeidet i løpet av mai, seier han.
Prosjektleiar John André Vegge seier at gjennom godt samspel har ein funne gode løysingar for bruk av areal for tilsette og elevar.  

- Hovudstrukturen i bygget ligg fast, men med god dialog og medverknadsprosess med skulen, tilsette og hovudverneombod har vi kome til ei god løysing. Vi kjenner oss trygge på at tilsette og elevar vil få eit skulebygg dei kan vera stolte av og at skulen også vert eit attraktivt nærmiljøanlegg, seier prosjektleiaren. 

Skulen vil venteleg stå klar i god tid før skulestart hausten 2028.

Skisse. Veidekke - Klikk for stort bileteSkisse, Veidekke


Prosjektet omfattar nytt undervisningsbygg, med tilhøyrande uteareal og oppgradering av eksisterande veganlegg i Bildøyvegen og Bjørkestølen. Skulen er dimensjonert for 610 elevar, inkludert ei forsterka avdeling for elevar med særskilte behov. Bygget skal prosjekterast og utførast på passivhusnivå og oppnå energikarakter A. 

- I det gode samspelet med byggherre, samarbeidspartnarar og brukarar har vi klart å vidareutvikla løysinga som evalueringskomiteen positivt har framheva. Skulebygget inviterer til eit inkluderande elevmiljø. Vi ser fram til å vidareføra det gode samarbeidet i gjennomføringsfasen, seier distriktsleiar Hans Aakre i Veidekke.


Tekst og foto: Vigleik Brekke