Podkastepisode 24: Korleis kan vi hjelpa kvarandre i ein krise?
I denne episoden av podkasten Rådhuset har kommunedirektør i Øygarden, Johnny Breivik, invitert prost Jan Tommy Fosse og kommunepsykolog Kyrre Dyregrov til å snakka om korleis vi kan møta kriser i livet.
- Ikkje ver redd for å ta kontakt med nokon som er ramma av ein krise. På den måten kan du få visa at du bryr deg, seier dei to.
Både Jan Tommy og Kyrre har brei erfaring med å møta folk som har opplevd krise i livet. Dei fortel at folk taklar krisesituasjonar ulikt og at dette må vi ha respekt for.
Publisert 15.05.2026 07.15