Ill.foto
Skyss
Målet er å redusera noko av trafikken som tar opp plass på ferja for øybuarane.
I ei pressemelding frå Skyss går det fram at trafikken på ferjesambandet har auka vesentleg etter at sambandet vart gratis i 2022. I tillegg har truleg køutfordringar over Sotrabrua spelt inn på trafikkmengda på ferja. Trafikkauken har ført til at ferja har utfordringar med kapasiteten på delar av døgnet.
Dette gjer at fastbuande på Lerøy og Bjelkarøy, som er avhengige av ferja for å komme seg til og frå arbeid og andre gjeremål, ikkje har tryggleik for å få plass på ferja. Situasjonen blir opplevd som uhaldbar for lokalsamfunna på øyene.
Det har vore dialog mellom VLFK/Skyss og Øygarden kommune om saka. Skyss har vurdert fleire løysingar, både bestillingsløysing, fortrinnsrett og eige køyrefelt for reisande til øyene. Ettersom det ikkje er eigna oppstillingsplass på kaiene, fall ein ned på å gå tilbake til brukarbetaling i vedtak i fylkesutvalet 18. februar.
Løysinga inneber at alle som reiser på hovudstrekninga må betala for køyretøy, medan reisande til og frå øyene kan ta med køyretøy fritt. Alle passasjerar reiser gratis.
Dette inneber at reisande med bil på strekninga Klokkarvik-Hjellestad frå og med 1. juni betalar for reisa med AutoPASS.
Skyss skal evaluera ordninga innan utgangen av 2026.
Her er fleire detaljar om prisar.