Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa litt om det som har skjedd i veke 07.

Overkøyrer lokalt sjølvstyre om marint vern i Korsfjorden

Kommunane Austevoll, Bjørnafjorden og Øygarden reagerer sterkt på at regjeringa i dag har vedteke å etablere marint vern i Korsfjorden. Dette vert gjort trass i tydelege og samstemte negative innspel frå kommunane våre gjennom fleire år.
Les meir.

Vil ha mellombels fortau på Gamle Straumsundet bru

Kommunestyret vedtok på torsdag å gje løyve til å setja opp eit utanpåhengande fortau på Gamle Straumsundet bru fram til Sotra Link er ferdig med prosjektet for nytt sotrasamband. Brua kan stengjast i ein avgrensa periode i skuleferien.
Les meir.

Folkets kraftløft

Folkets kraftløft er ein nasjonal kampanje for energidugnad. Kampanjen er særleg retta mot eigarar av einebustader, tomannsbustader og rekkehus som er bygde før 1990. 
Les meir. 

Ønskjer dialog om kommunedelsenteret som møteplass

Øygarden kommune ønskjer å utvikla attraktive kommunedelsenter. Ordførar Tom Georg Indrevik vil gjerne ha innspel om dette på ei uformell samling på innbyggartorget og biblioteket på Sund Senter.
Les meir.

Kabelarbeidet i gang på ny hovudbru

Måndag gjekk startskotet for installering av trekketau mellom brutårna til den nye hovudbrua mellom Øygarden og fastlandet. Dette er første del av kabelarbeidet på den nye brua. Operasjonen starta om lag klokka sju måndag morgon. Klokka 14 var trekketauet på plass over fjorden mellom Knarrvika og Drotningsvik.
Les meir.

På teater for fyrste gong 

Innføringsklassen på Skogsvåg skule har vore på teater! Vi var så heldige og fekk billettar til “Den utrulege historia om den kjempestore pæra” gjennom OBOS billettfond i haust. Dette var eit samarbeid mellom OBOS, DNS og Det Vestnorske Teateret.
Les meir.

- Fleire og fleire krev sertifisering

- Kundane har større fokus på miljø og berekraft. Det seier dagleg leiar Helge Log i Utedesign i Idrettsvegen på Søre Straume. På fredag overrekte ordførar Tom Georg Indrevik Miljøfyrtårn til bedrifta.
Les meir.

- Miljøfyrtårn er naturleg for bedrifta vår

På fredag overrekte ordførar Tom Georg Indrevik Miljøfyrtårn til Straume Tekniske AS i Idrettsvegen. 
- Vi arbeider med å spara energi i bygg, og då er denne sertifiseringa midt i segmentet vårt, seier dagleg leiar Kristian Tøgard.
Les meir.

Fagdag om vald og seksuelle overgrep

Rundt 150 personar deltok denne veka på fagdag om vald, seksuelle overgrep og samtalar med barn og unge. Tema for fagdagen var «Frå bekymring til handling». Årleg vert mange barn og unge utsette for vald og seksuelle overgrep. Slike hendingar kan vera svært øydeleggjande for utviklinga og for korleis barnet vil fungera seinare.
Les meir.

Vil invitera turistar til å hesja på Lerøyna 

Kjell Arne Vardøy var ein av dei som møtte opp på kontordagen for næringslivet på innbyggartorget og biblioteket på Straume på torsdag. 
- Eg ønskjer å utvikla gardsturisme på Lerøyna, seier han.
Les meir.

Gi arealinnspel til kommuneplanen

I tida 23. januar – 8. mars 2026 kan du gi arealinnspel til kommuneplanen 2027-2039. Innspela kan handla om kvar eller korleis du ønskjer at vi skal bygga i Øygarden.
Les meir.

Mellombelse trafikktiltak i Bildøybakken

I samband med komande sprengingsarbeid knytt til Sotrasambandet, vert det etablert mellombelse trafikktiltak i øvre del av Bildøybakken og i Bildøyvegen.  Montering av trafikktiltak startar fredag 13. februar fra kl. 09.00. Sjølve anleggsarbeidet tek til måndag 16. februar kl. 07.00.
Les meir.

Varaordførar Anita Garlid Johannessen denne veka (07)

  • 09.02.:  Interne møte
                 Gruppemøte
  • 10.02.:  Utvalsmøte, opplæring og kompetanse Vestland fylke
  • 11.02:.: Utvalsmøte, opplæring og kompetanse Vestland fylke
  • 14.-15.02.:  Årsmøte Vestland FrP