På teater for fyrste gong

Innføringsklassen på Skogsvåg skule har vore på teater! Vi var så heldige og fekk billettar til “Den utrulege historia om den kjempestore pæra” gjennom OBOS billettfond i haust. Dette var eit samarbeid mellom OBOS, DNS og Det Vestnorske Teateret.

Frå teaterbesøket - Klikk for stort bileteFrå teaterbesøket

Det vart ein lang dag for både elevane og lærarane Victoria Mickevice og Berit Selvik. Elevane vart henta av lærarane på SFO, og vi tok buss heilt til Bergen.

På teateret fann vi plassane våre, og då kunne framsyninga byrja. Mange ord var lange og vanskelege, men heldigvis hadde vi lese boka av Jakob Martin Strid heile to gonger (sjølvsagt lånt på det lokale biblioteket i Skogsskiftet). 

Vi las historia høgt i klasserommet med god hjelp frå morsmålslærarane, og dei flotte illustrasjonane gjorde det òg lettare å forstå. Ekstra gøy var det jo at elevane i desember fekk sjå ein ekte flaskepost som ein av lærarane fann på Golta. I den var det riktignok ikkje noko kart til ei mystisk øy, men eit brev frå ei tysk jente på fire år. 

Frå teaterbesøket - Klikk for stort bilete

- Dette likte vi

Elevane vart spurde om kva dei likte best og fortalde om si oppleving etter teaterbesøket:

Abdulaziz (8):
- Eg likte musikken og å dansa til songane om Solby. Den kjempestore pæra var mykje større enn eg hadde sett den for meg i hovudet mitt. Det var veldig, veldig gøy på teateret og eg gir stykket terningskast 6.

Abdurahman (7):
- Dragen var veldig spennande å sjå på. Eg liker å teikne havdraken når eg er heime. Viseborgarmeister Kvist var veldig sint og veldig morosam! Eg likte å dansa til musikken og syntest at teaterbygget var veldig fint.

Iryna (8):
- Eg likte eigentleg alt, men spesielt havdraken som pusta ut røyk og flammar, håret til katten Mitcho (det skifta farge ettersom lyset skifta farge) og at piratane song så utruleg fint.

Sasha (9):
- Eg likte alt, både den kjempestore pæra, musikk og songar, men eg skvatt godt då piratangrepet kom! Eg skulle ønska at mamma kunne sjå stykket.

Kateryna (9):
- Det var imponerande å sjå piratane klatra på taua frå piratbåten oppe på galleriet og ned til pæra. Gjenferda av dei som hadde døydd på havet var litt skumle, men draken hadde kule regnbogeauge. Det var synd at framsyninga var så fort over, og eg har veldig lyst til å gå på teater igjen, med mamma og veslesystera mi Iryna.

Antonia (10): 
- Eg likte heile framsyninga veldig godt, men det var spesielt kjekt å høyra på Mitcho og Sebastian sin song om Solby. Eg likte òg at dei fann den mystiske øya, og alle spøkelsa.

Vi takkar for den fine opplevinga til OBOS, DNS og Det Vestnorske Teateret. Det vart eit minne for livet!

Her er fleire bilete:

Frå teaterbesøket - Klikk for stort bilete
Frå teaterbesøket - Klikk for stort bilete
Frå teaterbesøket - Klikk for stort bilete
Frå teaterbesøket - Klikk for stort bilete
Frå teaterbesøket - Klikk for stort bilete



Kontaktlærar innføringsklasse Victoria Mickevice og faglærar Berit Selvik, Skogsvåg skule