- Miljøfyrtårn er naturleg for bedrifta vår

På fredag overrekte ordførar Tom Georg Indrevik Miljøfyrtårn til Straume Tekniske AS i Idrettsvegen. 
- Vi arbeider med å spara energi i bygg, og då er denne sertifiseringa midt i segmentet vårt, seier dagleg leiar Kristian Tøgard.

Dagleg leiar Kristian Tøgard og ordførar Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bileteDagleg leiar Kristian Tøgard og ordførar Tom Georg Indrevik

Miljøfyrtårn er eit verktøy for sertifisering og miljøleiing som skal hjelpa bedrifter til å lukkast med den grøne omstillinga. Etter at bedriftene har dokumentert at dei kan få status som Miljøfyrtårn, er det klart for utdeling.

Straume Tekniske er ei automasjonsbedrift lokalisert sentralt på Søre Straume med 15 tilsette og ein omsetnad på rundt 40 millionar kroner. Bedrifta har leveransar i bedriftsmarknaden innan ventilasjon, varmepumper og byggautomasjon. Straume Tekniske tilbyr også serviceavtalar etter installering. 

Kjeldesortering er eitt av krava knytt til miljøfyrtårnsertifisering. - Klikk for stort bileteKjeldesortering er eitt av krava knytt til miljøfyrtårnsertifisering.

Det er auka forventing om at bedriftene er miljøfyrtårnsertifiserte.

- Ved offentlege anbod er det forventing om at vi er sertifisert. Vi dokumenterer gjenvinningsgrad i dei ulike prosjekta. Med eitt unnatak er alle bilane våre elektriske. Vi kjeldesorterer, og i staden for å kjøpa nye aggregat oppgraderer vi dei gamle. Det er bra for miljøet, seier Kristian Tøgard.

For tida har Straume Tekniske to lærlingar i ventilasjonsteknikk.

- Vi er opptekne av å ha eit godt arbeidsmiljø i bedrifta, seier den daglege leiaren.


Tekst og foto: Vigleik Brekke