Folkets kraftløft

Folkets kraftløft er ein nasjonal kampanje for energidugnad. Kampanjen er særleg retta mot eigarar av einebustader, tomannsbustader og rekkehus som er bygde før 1990. 

Gjerdet kulturminnegard - Klikk for stort bilete

På landsbasis gjeld dette rundt 1,4 millionar bustader. Målet med kampanjen er å gi folk tydelege og konkrete råd om korleis dei kan spara energi i eigen bustad.

14. februar er verdsdagen for energi. No kan du søkja om tilskot og gi huset ditt den omsorga det fortener. Gå inn på folketskraftloft.no. Der finn du informasjon og filmar frå kampanjen.

I Øygarden er det ekstra viktig å oppmuntra huseigarar til å gjennomføra tiltak som sparar energi. Det meste av energibruken i norske heimar går til å varma opp rom og vatn. Samstundes veit vi at Øygarden har ei viktig rolle i det grøne skiftet, med kraftkrevjande industri som skal elektrifiserast og nye kraftkrevjande aktivitetar som skal gi lågare CO₂-utslepp. Dette er ein dugnad det er viktig å vere med på.