Fagdag om vald og seksuelle overgrep
Rundt 150 personar deltok denne veka på fagdag om vald, seksuelle overgrep og samtalar med barn og unge. Tema for fagdagen var «Frå bekymring til handling».
Frå fagdagenÅrleg vert mange barn og unge utsette for vald og seksuelle overgrep. Slike hendingar kan vera svært øydeleggjande for utviklinga og for korleis barnet vil fungera seinare. Dette er eit stort folkehelseproblem som legg sterke føringar for at dette skal det arbeidast med.
Skal vi som møter barn og ungdom kunna hjelpa dei som treng oss, må vi vi vera årvakne og kompetente. Vi må vita kva teikn vi skal sjå etter, og vera trygg på korleis vi skal handla.
Formålet med fagdagen var å gjera oss medvitne på vald og overgrep og verta tryggare på å snakka med barn og viktige, men krevjande tema.
På fagdagen gav barneverntenesta innføring i meldeplikt. Andre tema var «Behovet til barna, vern og risiko» og skadeleg og problematisk åtferd, karakteristika, pornografi og seksualitet.
Her er fleire bilete:
Tekst og foto: Liv Golten
Publisert 12.02.2026 14.34