- Eg fekk god hjelp på kontordagen, seier Kjell Arne Vardøy til høgre. På biletet er også Dennis Vevang og Eli Janette Fosso frå plan.Det var jamt sig med folk på kontordagen for innspel til arealdelen til kommuneplanen i går. Dette var den fjerde og siste kontordagen. Heretter kan folk få god hjelp frå medarbeidarane på innbyggartorga i Skogsskiftet, Straume og Rong til å senda inn arealinnspel.
Etter vedtaket i kommunestyret 22. januar er det no mogleg å gje arealinnspel til kommuneplanen fram til og med 8. mars.
- No er tida inn for å koma med innspel. På innbyggartorga og biblioteka i Skogsskiftet, Straume og Rong vil medarbeidarar hjelpa deg til å få sendt inn innspel, seier leiar i kommuneplanutvalet, Svein Otto Jacobsen.
Frå venstre Beate Bjelland (nestleiar i kommuneplanutvalet), Svein Otto Jacobseen (leiar i kommuneplanutvalet) og Børge Haugetun (leiar i plan- og miljøutvalet).Kjell Arne Vardøy, som har budd på Toftarøyna og jobba i elektrobransjen, kjøpte ein slektsgard på Lerøyna for 20 år sidan. Han har 16 vinterfora villsauer og har også tidlegare hatt geiter på garden. Han har gjennom åra fjerna mykje sitkagran og oppgradert garden med driftsbygningar og vil gjerne busetja seg der fast.
Målet er å skapa ein levedyktig gard med tilleggsnæring.
- Draumen er å få realisert planane om gardsturisme på garden på Lerøyna. Eg er glad for at området i den gamle kommuneplanen er sett av til gardsturisme. Eg håpar å involvera turistane i gardsarbeidet og gjerne få dei med på hesjing. Sauene treng turrhøy, seier Kjell Arne.
Sauene trivst godt på garden til Kjell Arne VardøyHan opplevde kontordagen på Straume som nyttig.
- Eg fekk innføring i korleis eg kan koma med innspel til planen og opplevde meg godt ivareteken. Vi hadde ein god samtale, seier han.
Turrhøyet på Lerøyna skal innFleire politikarar var på plass på kontordagen på Straume. Ein av dei var leiar i kommuneplannemnda, Svein Otto Jacobsen.
- På det digitale kartet er område med høg verdi merkt med blått. Det er likevel mogleg å koma med innspel til randsona til desse områda. Alle skal verta høyrd, men ikkje alle får viljen sin, minner Svein Otto Jacobsen om.
Både Jacobsen og leiar i plannemnda, Børge Haugetun, understrekar at det vert vanskeleg å få dispensasjon når den nye arealdelen til kommuneplanen er vedteken.
- Difor er det no du kan påverka den endelege arealdelen til kommuneplanen, seier Børge Haugetun.
Les meir om arealdelen til kommuneplanen.
Her kan du gje arealinnspel til kommuneplanen.
Tekst og foto: Vigleik Brekke