Dirigentbordet; setjevaraordførar Ingvill Kvalsnes Blom (KrF) og ordførar Tom Georg Indrevik (H).Det var ordførar Tom Georg Indrevik som presenterte forslaget.
Bakgrunnen er at utbygginga av Sotrasambandet medfører at Straumsundet bru (riksveg 555) må stengjast for mjuke trafikantar fram til ferdigstilling av prosjektet. Sotra Linka har førespurt Øygarden kommune om å nytta Gamle Straumsundet bru som mellombels trasé for mjuke trafikantar, og samstundes stengja vegen for biltrafikk.
I vedtaket heiter det at når behovet fell bort, skal Sotra Link fjerna det mellombelse fortauet og at selskapet tek kostnaden og risikoen. Kommunen gjev løyve til å stengja Gamle Straumsundet bru i ein kort periode i sommarferien til skulen, slik at arbeidet med å montera det mellombelse fortauet kan gjennomførast. Utover denne perioden skal trafikken gå som normalt over brua.
Jan Utkilen i Sotralista – TVØ føreslo at kommunen ikkje gjev løyve til å stengja Gamle Straumsundet bru i samband med arbeidet med utanpåhengande fortau. I dette framlegget står det at trafikken på brua kan lysregulerast og at fortauet n som eit alternativ kan monterast frå sjøsida.
Dette forslaget fekk to røyster og fall.
Løyver pengar til kunstgrasdekke
Kommunestyret vedtok å løyva eín million kroner til nytt kunstgrasdekke i forballhallen til Sotra Sportsklubb ved Sotra Arena. Det vart også vedteke å forskottera 1,7 millionar kroner i spelemidlar til det nye dekket.
Kommunestyret vedtok også eit tilleggspunkt fremja av Høgre, KrF, Sotralista-TVØ, Venstre, Frp og Pensjonistpartiet som skal sikra rabattordninga for andre brukarar.
Der heiter det at kommunedirektøren får fullmakt til å utforma avtale mellom Sotra Sportsklubb og Øygarden kommune. Avtalen skal innehalda ei fast rabattordning (fastpris) for leige av innandørshallen, for lokale klubbar og organisasjonar i kommunen. Formannskapet skal få avtalen tilbake til godkjenning.
I saka går det fram at dersom ikkje kunstgraset vert skifta ut, må hallen stengjast for bruk. Kommunedirektøren skriv at dette vil ha konsekvensar for idrettstilbodet i kommunen og peikar på at fotballhallen er viktig med tanke på aktivitetstilbod til barn og unge.
Ifølgje kommunedirektøren oppfyller søknaden vilkåra i vedtekne retningsliner for forskottering av spelemidlar. Søknaden er også i samsvar med samfunnsdelen til kommuneplanen og strategisk plan for kultur, idrett og frivilligheit. Idrettsrådet er positiv til søknaden.
Andreas Kallekleiv fremja forslag om rabattordning for andre brukarar av hallen.Ber om meir utgreiing om SFO
Etter framlegg frå Høgre i saka om ny organisering av SFO og ferie-SFO vart det vedteke å senda saka tilbake til administrasjonen for å få betre utgreidd korleis eigenbetalinga kan utvikla seg som følgje av forslaga i saka og kor mange brukarar som i dag nyttar dei ulike ordningane. Saka skal også utgreia kor mykje den totale kostnaden for ordninga aukar
Kommunestyret ber vidare om at levekårsutvalet behandlar saka før ho vert lagt fram på nytt i neste møte i kommunestyret.
Prinsippvedtak om mva-avtalar
Kommunestyret vedtok at Øygarden kommune kan inngå avtaler om overføring av justeringsrett og justeringsplikt i samband med prosjekt på offentleg infrastruktur. Ein justeringsavtale med ein kommune er ein avtale der ein utbyggar overfører retten sin til å justera/få tilbake meirverdiavgift (mva) til kommunen ved overtaking, for infrastruktur (til dømes kommunal veg) eller andre offentlege tiltak.
Må ta omsyn til ytre delar av byvekstområdet
Kommunestyret tok byutgreiing 2025 for bergensområdet til orientering. I vedtaket heiter det også at kommunen vurderer byutgreiinga som eit godt og relevant kunnskapsgrunnlag for den komande reforhandlinga av byvekstavtalen for bergensområdet.
I vedtaket går det fram at verkemiddel i byvekstavtalen må ta omsyn til reiseavstandar, næringsstruktur og kvardagsmobilitet i ytre delar av byvekstområdet. For Øygarden er det viktig at restriktive tiltak vert balanserte med eit styrkt og påliteleg kollektivtilbod, og at løysingar vert utforma slik at dei varetek både innbyggjarar, næringsliv og personar med særlege transportbehov.
Det vert vist til at kommunar med lang utstrekning og mykje sprett busetnad, og der det eksisterande kollektivtilbodet i stor grad er tilpassa skuletransport, ikkje dekkjer det daglege reisebehov for arbeid, helse og fritid. Difor vil personbil vera eit nødvendig transportmiddel, og dette må anerkjennast i planen. Ein bør vurdera ein modell der bilbruk kan aksepterast i første del av reisa, men koplast på gode overgangspunkt mot kollektivtransport.
Det vert også understreka at parkeringsmogelegheita i dei ytre delane av kommunen må anerkjennast som strategiske innfartsparkeringar.
- Desse har som funksjon som sentrale knutepunkt for pendlarar, og vil ofte vera eit avgjerande verkemiddel for auke i bruken av kollektivtransport, heiter det i vedtaket.
I det i ytre og spreiddbygde delar av kommunen skal det ikkje innførast restriktive tiltak mot bilbruk som hovudverkemiddel i byvekstavtalen. Restriksjonar på parkeringsplassar skal ikkje vera hovudverkemiddel i byvekstavtalen, særleg i ytre og spreiddbygde område.
MDG fremja ei endring på punktet om parkeringsplassar og føreslo at restriksjonar på parkeringsplassar skal i ytre og spreidbygde område ikkje nyttast som hovudverkemiddel i Byvekstavtalen. Forslaget fekk ikkje fleirtal.
MDG hadde også eit forslag om at kollektivprioritering på innfartsårar er eitt av dei mest treffsikre og effektive tiltaka for å avgrensa trafikkveksten, og Øygarden kommune meiner dette bør prioriterast før auka takstar på bompengar og parkering. Forslaget fekk 13 røyster og fall.
MDG fekk samrøystes tilslutnad til eit framlegg om at kommunen understrekar behovet for gode digitale løysingar for å få til saumlaus mobilitet på tvers av reisemåtar og geografiske område.
På talarstolen; Espen Stølsnes Harkestad (Ap).Godkjende plan for Skulebakken, Knarrvika
Kommunestyret godkjende detaljregulering for Skulebakken, Knarrvika. Planområdet på om lag 25 dekar ligg like nord for Skjergardsvegen (riksveg 555) og Sotrabrua. Formålet med planarbeidet er å leggja til rette for 35 bustadeiningar med tilhøyrande vegar, gangvegar, parkeringsanlegg, uteopphaldsareal og leikeareal. Den nedlagde skulen skal takast vare på og gjerast om til leilegheiter, medan tidlegare Fjell gamleheim/arbeidarbustad i aust skal rivast for å kunna leggja til rette for eit leilegheitsbygg. Det ligg 10 eksisterande, frittliggjande bustadar og ein eksisterande fleirmannsbustad innanfor planområdet.
Prinsippvedtak for utbyggingsavtalar
Det vart vedteke å leggja ut forslag til prinsippvedtak om utbyggingsavtalar på høyring. Prinsippvedtaket omfattar geografisk avgrensing, innhald, kostnadsdeling, byggherreansvar, fullmakter om avtaleprosess og gebyr.
Vil ikkje avslutta arbeidet med fastlandssamband
Kommunestyret vil ikkje at kommunen avsluttar arbeidet med eit mogleg fastlandssamband Lerøy/Bjelkarøy-Hjellestad, men skal ha dialog og aktiv tilnærming mot lokal og regional mynde dersom framtidig utvikling i saka gjev rom for dette. Kommunedirektøren hadde tilrådd at det ikkje skulle arbeidast vidare med dette fastlandssambandet og at saka vart avslutta.
KS debatthefte 2026
Fellesorganisasjonen for kommunane, KS, sender kvart år ut debattheftet til kommunar og fylkeskommunar. Det er ein invitasjon til å gi innspel på aktuelle strategiske spørsmål som skal vera med å utvikla ny politikk eller setja dagsorden.
Kommunestyret slutta seg til det nye forslaget frå kommunedirektøren etter føringar frå formannskapet.
Debatthefte 2026 rettar særleg merksemda mot to hovudtema; taktskifte for berekraftig velferd og taktskifte for skjerpa beredskap. Nedanfor er det lenkje til saka med svar på spørsmål i debattheftet.
Arbeidarpartiet og Raudt fremja endringsforslag som ikkje fekk fleirtal.
Andre saker
- Fritak for embete som meddommar
- Interpellasjonar og spørsmål
I forkant av behandlinga av sakene var det orientering om KS (fellesorganisasjon for kommunane), Sotrasambandet, byvekstavtalen, renovasjonsordninga og arbeidet med arealdelen til kommuneplanen.
Her kan du lesa innkalling med saksdokument.
Her kan sjå opptak frå møtet på kommune-TV.
Tekst og foto: Vigleik Brekke