Overkøyrer lokalt sjølvstyre om marint vern i Korsfjorden

Kommunane Austevoll, Bjørnafjorden og Øygarden reagerer sterkt på at regjeringa i dag har vedteke å etablera marint vern i Korsfjorden. Dette vert gjort trass i tydelege og samstemte negative innspel frå kommunane våre gjennom fleire år.

Arkivfoto

Austevoll, Bjørnafjorden og Øygarden har ved gjentekne høve peika på at verneforslaget grip direkte inn i tilhøve av stor lokal betydning. Vi meiner det er eit grunnleggjande prinsipp at innbyggjarane skal kunna styra lokale areal og utvikling gjennom folkevalde organ. Når staten no vel å overstyra dette, opplever vi at det kommunale sjølvstyret blir svekka.

- Eg er djupt sjokkert over prosessen i denne saka, og at det ikkje vert tatt omsyn til lokalt sjølvstyre og dei innspela me har gitt gong på gong i perioden 2015-2021. Så vart det stille frå departementet si side i fem år før ein plutseleg gjer vedtak i dag, seier ordførar i Austevoll, Bente Kari Sletten Taranger.

Også ordførarane i Øygarden og Bjørnafjorden reagerer sterkt på vedtaket i regjeringa.

- Det er uakseptabelt når staten tar fram saker som er over fem år gamle og  gjer vedtak utan noko form for dialog i forkant. Dette inviterer ikkje til samarbeid. Saman med dei andre kommunane krev vi at det straks blir oppretta ein dialog som kan avklara utfordringane og konsekvensar for handlingsrommet, seier ordførar i Øygarden, Tom Georg Indrevik.

Bjørnafjorden-ordførar Terje Søviknes viser til at kommunen har hatt og har eit klart standpunkt i denne saka.

- Tidlegare Os kommune var imot verneframlegget i 2017, og Bjørnafjorden kommune stadfesta dette i 2021. At Krossfjorden no plutseleg er verna, utan ytterlegare dialog med kommunane, er ei total overkøyring av lokaldemokratiet, seier han.

Ordførar i Øygarden, Tom Georg Indrevik, er svært kritisk til avgjerda i regjeringa. - Klikk for stort bileteOrdførar i Øygarden, Tom Georg Indrevik, er svært kritisk til avgjerda i regjeringa.

Akvakulturnæringa er ein berebjelke

Korsfjorden er ein bruksfjord som gjennom generasjonar har lagt grunnlag for busetnad, arbeidsplassar og verdiskaping. Særleg akvakulturnæringa er ein berebjelke i regionen, både lokalt og nasjonalt. Vernereglane vil kunna avgrensa moglegheitene for etablering av nye anlegg og framtidig utvikling, også innan nye artar som torsk, tang og tare. Etter vårt syn vil dette kunna medføra framtidige lokale og regionale samfunnsøkonomiske kostnader og auka presset på eigna sjøareal andre stader i landet.

Ordførarane viser til at kommunane òg har peika på behovet for fleksibilitet i arealforvaltninga, mellom anna for å sikra større avstand mellom anlegg, og handtera situasjonar som smitte mellom anlegg. Korsfjorden har naturlege barrierar som gjer området særleg eigna i eit smitteførebyggjande perspektiv. I tillegg er fleksibilitet i bruk av areal blitt ytterlegare relevant dei siste åra, med ynske om nullutsleppsteknologi som kan kreva anna areal enn opne anlegg. Dette er høgst aktuelt no med ny miljøfleksibilitetsordning. 

Etterlyser konsekvensutgreiingar

Kommunane har etterlyst grundige konsekvensutgreiingar av verknadene for samfunnsutvikling og næringsliv. Vi meiner framleis at desse omsyna ikkje er tilstrekkeleg vektlagde i den endelege avgjerda.

Sjølv om vedtaket no er fatta, vil kommunane arbeida for at praktiseringa av vernet tek omsyn til eksisterande og framtidig næringsaktivitet. Dersom staten skal lukkast med å kombinera vern og verdiskaping, må det vera reell dialog med kystkommunane og respekt for dei lokalsamfunna som blir direkte råka.

- Austevoll, Bjørnafjorden og Øygarden vil stå samla i det vidare arbeidet for å sikra både berekraftig naturforvaltning og livskraftige kystsamfunn, og eg er svært skuffa over den lukka prosessen som har vore ført dei siste åra i denne saka, før ein i hastverk innfører vern på eín dags varsel, seier ordførar i Austevoll, Bente Kari Sletten Taranger.