
Tek strategiske grep for å sikra ny godshamn og byutvikling
Bergen og Øygarden kommunar vurderer ei ny løysing på den mangeårige godshavnutfordringa som inneber å flytta godshamna til Ågotnes. Løysinga vil gje positive ringverknader for heile regionen og frigjera areal på Dokken.
Les meir.
Tilrår planprogram med strategiar for arealbruk
Kommuneplanutvalet (KPU) tilrår planprogram for arealdelen til kommuneplanen saman med strategiar for arealbruk 2027-2039. I tilrådinga frå møtet på onsdag denne veka er det gjort nokre endringar. Mellom anna er talet på lokalsenter auka frå fire til seks.
Les meir.
Tilrår å endra organiseringa av beredskapen
Formannskapet tilrår den reviderte overordna beredskapsplanen for Øygarden slik han ligg føre. Dersom kommunestyret sluttar seg til planen, vil planen i større grad enn før byggja på ein proaktiv stabsmetodikk.
Les meir.
Yrkesmesse med breidde: frå Forsvaret til lokale verksemder
- Vel yrkesfag – ikkje ver redd for å velje feil, men stå i det! Denne klåre oppmodinga kjem frå Stine Clementsen, sivil elektrikarlærling i Forsvaret på Håkonsvern. Ho var tysdag 13. januar på stand for Forsvaret under Yrkesmessa i Sotra Arena.
Les meir.
Etablererdagen 2026: Startskotet for Øystart og ein ny giv i Gründerparken Vest
- Dette er eit lågterskel tilbod til alle ny-etablerarar som ønskjer å vere del av eit nettverk, seier Kari Anne Landro, dagleg leiar i Vest Næringsråd, som driftar Grunderparken Vest – og no Øystart, for Øygarden kommune.
Les meir.
Oppmodar om å senda inn byggesøknader digitalt
For å sikra rask og god behandling av byggesøknader, oppmodar Øygarden kommune innbyggjarane til å senda inn søknadene digitalt. Dette stimulerer til betre søknader og bidrar dermed til meir effektive prosessar og raskare saksbehandling for alle. På sikt vil dette kunna vera med på å redusera gebyra.
Les meir.
Isen er ikkje trygg
For ei knapp veke sidan (08.01.) meldte vi at isen i det vesle vatnet i Sartorlunden på Straume var trygg. Det er ikkje tilfelle lenger.
Les meir.
Nye grupper med KunstLab på Frihuset: Framleis ledige plassar
Øygarden kulturskule inviterer våren 2026 på nytt KunstLab for barn og ungdommar på Frihuset på Ågotnes (Hamramyrvegen, like ved Ågotnes skule).
Les meir.
Kulturdebatt for Øygarden kommune
Leiar i Øygarden musikk- og kulturråd, Oddvar Rebnord, var svært nøgd med oppmøtet då han opna «kulturdebatten» i kultursalen på Straume torsdag kveld. Etter ei kort helsing overlet han styringa av programmet til dirigent i Fjellkoret, Jan L. Jacobsen.
Les meir.
Kunstkafé
Øygarden kommune inviterer til Kunstkafé for ungdom og vaksne på Kraftsenteret. Kaféen er open på onsdagar kl 13.00 - 15.30 frå 21. januar og fram til påske.
Les meir.
Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (03)
- 12.01.: Interne møte
Besøk Straume Bu- og servicesenter
Gruppemøte - 13.01.: Bergenskonferansen
Formannskapet
Besøk Utdanningsmesse - 14.01.: Interne møte
Synfaring Bjorøyna - 15.01.: Ordførarmøte Florø
- 16.01.: KS Hovudstyre i Oslo
- 17.01.: Gudstjeneste Foldnes kirke
Ordføraren neste veke (04)
- 19.01.: Interne møte
- 20.01. - 21.01.: Møte i Brussel
- 22.01.: Kommunestyret
- 23.01.-25.01.: Fylkesårsmøte Vestland Høgre