Stine Clementsen, lærling i Forsvaret
Marianne Furheim
Tradisjon med yrkesmesse for alle 10.klassingar
Sotra Rotary held fram tradisjonen med å invitera alle 10.klassingar i Øygarden til yrkesmesse i Sotra Arena. Messa er obligatorisk for elevane og har blitt ein viktig møteplass for inspirasjon, fakta og informasjon om ulike utdanningsvegar og moglegheiter vidare etter ungdomsskulen. Nok ein gong vart den største speleflata i Sotra Arena fylt opp av nysgjerrige elevar og foreldre som fekk høve til å prate med skular, næringsliv og til dømes Forsvaret.
Over 1000 deltakarar var innom messa denne kvelden – eit tal som bekreftar den store interessa for yrkes- og utdanningsval blant ungdom og foreldre i kommunen.
Forsvaret: mange moglegheiter etter førstegongstenesta
Pål Erik Bjerke frå Fregattskvadronen i Sjøforsvaret seier at dei ønskjer å vera synlege og tilgjengelege for spørsmål frå elevar og foreldre:
– Vi treng både fleire sjøfolk og militært tilsette i framtida, og vi ønskjer å visa at det finst mange moglegheiter etter førstegongstenesta, seier Bjerke.
Forsvaret si stand var også godt besøkt under messa.
Marianne Furheim
Skuleskipet Gann – ein skulekvardag til sjøs
Skuleskipet Gann var òg representert, der elevane går på skule og bur på båten gjennom skuleåret.
– Maritim næring treng sjøfolk, og der bidreg vi gjennom å tilby ein praktisk skulekvardag med tokt, vaktrundar og båten som klasserom, seier Ove Tveit, stuert om bord.
Anders Nordvik frå Øygarden, som er elev på båten, var med på stand for andre gong.
Frå venstre: Ove Tveit, stuert og Anders Nordvik, elev
Marianne Furheim
Yrkesfag gjev kompetanse for framtida
Ved Sotra vidaregåande si stand møter vi elevar som har valt yrkesfag innan automasjon og elektro – fagfelt som er avgjerande for teknologi og industri. Skulen peikar på at desse utdanningane gjev stor etterspurnad i arbeidslivet og mange karrierevegar vidare.
Ordføraren fann òg fram til restaurant- og matfagstanden og fekk smaka på eigne produkt som elevar serverte. Faget gjev moglegheiter både innan restaurant, catering og matproduksjon – og er populært blant dei som ønskjer ein praktisk og kreativ kvardag.
Ordførar med elevar frå Sotra vgs. Restaurant og matfag: Frå venstre: Eilen Romarheim, ordførar Tom Georg Indrevik, Steffanie Birkelund
Marianne Furheim
Lokale verksemder treng framtidig arbeidskraft
Blant utstillarane var eit fleirtal lokale verksemder som ønskjer seg lokal ungdom som framtidig arbeidskraft. Døme på dette er Socon, Sartor Drange, CCB, TechnipFMC, Equinor med fleire.
Brødrene Ulveseth utfordra dei besøkande til å gjetta kor mykje løn ein nyutdanna betongfagarbeidar har. Svaret overraska mange – og kan ha gjeve fleire ungdommar nye tankar om yrkesval.
Brødrene Ulveseth ved Bjarne Kahrs, sal og marknad og Jonar Hella, lærling betongfag
Marianne Furheim
Kommunen synte fram eigne lærlingtilbod
Øygarden kommune synte òg fram eigne moglegheiter med lærlingar frå både helse- og barne- og ungdomsarbeidarfaget. Yrkesmessa har etablert seg som ein viktig møteplass for ungdom, foreldre, skular og næringsliv – og gjev inspirasjon til framtidige utdannings- og karriereval.
Frå venstre: Linda Haugsdal, avd.leiar lærlingar, Berit Gurine Algrøy, fagleiar barne- og ungd., Britt Kålås, fagleiar helse, Nathalie Johnsen, lærling barne-og ungd., Dina Mjøs, lærling helse, Thea Danielsen, lærl. barne-og ungd., Mari Askeland, lærl. helse
Marianne Furheim
Takk til Sotra Rotary og dei frivillige
Dette er eit stort og viktig arbeid som Sotra Rotary gjer for lokalsamfunnet. Gjennom frivillig innsats legg dei til rette for at ungdom får møta både utdanningsinstitusjonar og verksemder – og får eit betre grunnlag for å ta gode val for framtida.
Ein stor takk går til alle dei frivillige som stiller opp denne kvelden og gjer arrangementet mogleg!
Tekst og foto: Marianne Furheim