Arkivfoto, kommuneplanutvaletSaka går til endeleg behandling i kommunestyret.
Tilrådinga vart gjort med sju mot fire røyster. Fleirtalet var samansett av Høgre, Frp, KrF, Sotralista-TVØ og Venstre, medan mindretalet var samansett av Ap, INP, MDG og Raudt.
I tilrådinga frå KPU er lokalsentera Møvika/Ulveset og Toftøyna igjen innarbeidde som lokalsenter. Lokalsenteret Møvika/Ulveset inkluderer også Skålevik. Resultatet av dette er at det no er tilrådd seks lokalsenter; Tjeldstø, Fjell, Spildepollen, Stranda, Møvika/Ulveset og Toftøyna. Det er vidare definert sentrumskjernar for tre kommunedelsenter (Rong, Ågotnes og Skogsskiftet) og kommune- og regionsenteret Straume.
I fleirtalstilrådinga er det også gjort endringar knytt til krav om grøntområde, ny bygging i aktsemdområde, nullvisjon om nedbygging av fulldyrka jord og om å ta vare på registrerte område som kan dyrkast opp i framtida. Det er også tilrådd ei endring om at utvikling ikkje skal vera i vesentleg konflikt med viktige verdiar i sjø.
Mindretalet (Ap, INP, MDG og Raudt) fekk fire røyster og dermed ikkje fleirtal for eit tilleggspunkt om at kunnskapsgrunnlaget til dette planprogrammet skal vera styrande for arealbruken i ny kommuneplan.
Mindretalet føreslo å støtta kommunedirektøren sitt forslag, men med følgjande endring av første punkt: I utbyggingsområde skal vi setja krav om å ta vare på eksisterande grøntområde så langt som råd, og tilføra grønt for å erstatta der ein tar av grøntareal. Dette fekk ikkje fleirtal.
Kommuneplanutvalet var samrøystes om eit tilleggspunkt om at kommunestyret legg til grunn at alle utmarks- og strandsonekart er utkast, og endeleg kart vert fastsett i den vidare prosessen.
Omfattande prosess
Saka tek for seg innspel og fråsegner som er komne inn i høyringsperioden (24. oktober til 7. desember), og endringar som er gjort sidan forslag til planprogram vart lagt fram for politisk behandling første gong.
Til saman er det komne inn om lag 150 innspel frå øygardssamfunnet og fråsegner frå offentlege høyringspartar i høyringsperioden. I tillegg har fleire innbyggjarar engasjert seg gjennom lesarinnlegg i Vestnytt.
Planprogrammet omtalar formål og mål for planen, korleis planarbeidet skal organiserast, kva som skal vera tema- og innsatsområde, plan for medverknad, lokale, regionale og nasjonale føringar, framdrift, viktige milepelar og kunnskaps- og utgreiingsbehov.
Etter at kommunestyret har vedteke planprogrammet 22. januar, er det mogleg å koma med innspel om til dømes endra arealbruk til bustadtomter, naust, næringsbygg og liknande i tida 23. januar til 8. mars.
Målet er at arealdelen til kommuneplanen vert vedteken innan sommaren 2027.
Les innkalling med saksdokument her.
Her finn du meir informasjon om arealdelen til kommuneplanen 2027-2039.
Tekst og foto: Vigleik Brekke