Ordførar i Øygarden, Tom Georg Indrevik (til venstre) og byråd for finans i Bergen, Eirik Tenfjord.
Vigleik Brekke
Etter mange år med utgreiingar og ulike forslag har det ikkje lukkast å landa ei løysing for realisering av ny godshamn utan vesentleg tilførsel av kapital frå eigarane. Med bakgrunn i denne utfordringa og eit ønske om å nytta regulert næringsareal til næringsutvikling med positive ringverknadar lokalt og regionalt, tok Øygarden kontakt med Bergen sommaren 2025. Dette vart gjort for å sondera korleis kommunane saman kan bidra til å få framgang i prosessen.
Skal ivareta godstransport og sikra utvikling
Finansbyråd i Bergen, Eirik Tenfjord, seier at han ser fram til god dialog vidare og er svært nøgd med å finna løysingar som ikkje berre realiserer byutviklinga ved Dokken, men også legg til rette for næringsutvikling i regionen.
- Vi har diskutert korleis kommunane kan nytta eigarposisjonane sine i Bergen Havn AS på ein måte som sikrar utviklinga på Dokken og på Ågotnes, og samstundes ivaretek den viktige godstransporten på sjøen, seier han.
Kommunane er no samde om å greia ut ei løysing som sikrar ønskt framdrift gjennom bl.a. aksjetransaksjonar, nærare bestemt ein aksjetransaksjon der Bergen kjøper Øygarden sine aksjar i hamneselskapet for at Øygarden skal kunna finansiera ein større aksjepost i Bergen Havn Ågotnes AS, og gjennom dette selskapet ta ansvar for utviklinga av ei ny godshamn. Øygarden kommune vil slik sett ta ansvaret med å relokalisera den regionale godshamnfunksjonen saman med hamneselskapet og næringslivet, medan Bergen kommune tar tilsvarande ansvar for utviklinga av anna hamneverksemd parallelt med pågåande byutviklingsprosessar på Dokken.
Nytte for heile regionen
Ordførar i Øygarden, Tom Georg Indrevik, har stor tru på denne løysinga.
- I Øygarden har vi eit godt og tett samarbeid med næringslivet, og eg er trygg på at vi saman skal finna ei god løysing som er tenleg for næringslivet, sjøtransporten og det regionale hamneselskapet, seier Tom Georg Indrevik.
Han understrekar at dette er ei løysing som er til nytte for heile regionen, og rosar Bergen kommune for konstruktiv tilnærming i ei kompleks og vanskeleg sak.
Skal behandlast i bystyret og kommunestyret
Det vil bli lagt opp til eit felles saksgrunnlag som bystyret i Bergen og kommunestyret i Øygarden får til behandling i løpet av våren. Bergen og Øygarden kommunar vil vidare ta initiativ til å gjennomføra eit eigarmøte i Bergen Havn AS i nær framtid for å gje ei nærmare orientering i saka.