For ei knapp veke sidan (08.01.) meldte vi at isen i det vesle vatnet i Sartorlunden på Straume var trygg. Det er ikkje tilfelle lenger.
Vatnet i Sartorlunden. Biletet er frå sist veke då det var kaldt og og fint ver.
Vigleik Brekke
- Det milde veret dei siste dagane inneber at isen i Sartorlunden ikkje er trygg lenger. Det gjeld også elles i kommunen, seier Lars Fjærtoft i byggforvaltning.
Det er no sett opp skilt i Sartorlunden med denne teksten; Fare! Isen er ikkje trygg
Publisert 14.01.2026 16.51