Etablererdagen 2026: Startskotet for Øystart og ein ny giv i Gründerparken Vest

- Dette er eit lågterskel tilbod til alle ny-etablerarar som ønskjer å vere del av eit nettverk, seier Kari Anne Landro, dagleg leiar i Vest Næringsråd, som driftar Grunderparken Vest – og no Øystart, for Øygarden kommune. 

Onsdag 14. januar gjekk Etablererdagen 2026 av stabelen i Øygarden – ein inspirerande og energifylt dag der gründarar, etablerarar og samarbeidspartnarar kom saman for å dela kunnskap, byggja nettverk og løfta fram nye moglegheiter i regionen. 

Lokal gründer Hedvig Moore i samtale med Anders Ekanger på Etablererdagen. Hedvig fortalde om si reise som fersk gründer. Marianne Furheim

Eit sterkt fellesskap rundt entreprenørskap i Øygarden

Dagen markerte òg den offisielle oppstarten for Øystart, det nye nettverket for entreprenørskap i Øygarden, og ein fornya satsing på Gründerparken Vest som møteplass og kontorfellesskap.

Etablererdagen samla aktørar frå heile økosystemet for innovasjon og næringsutvikling. Representantar frå mellom anna Etablerersenteret, VIS, Innovasjon Noreg, regionale verksemder og lokale gründarar dela erfaringar, råd og inspirerande historier.

Tilbakemeldingane frå deltakarane viser eit tydeleg behov for fleire møteplassar og sterkare relasjonar mellom entreprenørar, næringsmiljø og kommunen. Nettopp dette skal Øystart bidra til – eit fagleg og sosialt fellesskap der dei som står midt i etableringsfasen kan finna støtte, byggja kompetanse og knyta samarbeid.

Øystart – eit nytt nettverk for vekst, kunnskapsdeling og samspel

Med Øystart etablerer Øygarden kommune, saman med Vest Næringsråd, ei ny plattform for gründerar og etablerarar i alle fasar. Her skal det vera enkelt å:

  • Få fagleg støtte gjennom kurs, samlingar og rettleiing
  • Byggja nettverk på tvers av bransjar og utviklingsløp
  • Henta inspirasjon frå andre som skapar nye løysingar, tenester og verksemder
  • Få tilgang til ressursar frå regionale samarbeidspartnarar

Målet er å skapa ein sterk kultur for nyskaping i Øygarden – eit miljø der gode idéar får grobotn, og der fleire tør å satsa.

Etablerarar og gründerar som ønskjer bli ein del av nettverket Øystart, kan registrera seg her: Øystart

Gründerparken Vest – eit samla miljø for idéutvikling og kontorfellesskap

Som del av satsinga er Gründerparken Vest no tilgjengeleg som kontorfellesskap for alle som blir med i Øystart. Her får gründerar tilgang til:

  • moderne kontorplassar
  • møterom og fasilitetar
  • faglege treffpunkt
  • eit inkluderande arbeidsmiljø

Gründerparken Vest skal vera ein plass der det er lett å ta steget frå idé til handling – omgitt av folk som heiar, deler og utviklar saman.

Etablererdagen – starten på noko større

Etablererdagen 2026 synte tydeleg kva som er mogleg når engasjerte menneske møtest. Det var ein dag prega av energi, gode samtalar og konkrete verktøy for å ta idéar vidare. Mange av deltakarane peika på kor verdifullt det var å samla seg på tvers av sektorar og bakgrunn – i eit lokalt miljø som ønskjer å satsa på innovasjon og framtidsretta næringsutvikling.

No held arbeidet fram. Allereie no er fleire arrangement, kurs og møteplassar under planlegging, og Øystart går inn i 2026 som ein sterk motor for entreprenørskap i kommunen.

Alexander Hjelle, StoneX og Anders Ekanger, VNR i samtale om grunderskap Marianne Furheim

Lokal gründer med auge mot utlandet

Alexander Hjelle er ein av tre gründerar i verksemda StoneX. Desse har ambisjonar om den utanlandske marknaden og ser potensialet i produktet dei har utvikla. StoneX er eit oppsamlingssystem for støv som oppstår ved boring i fjell. Systemet løyser ei rekkje utfordringar både nasjonalt og internasjonalt for fjellsprengningsbransjen.

-Prøving og feiling er ein del av det å vere gründer,  men ikkje gi deg! seier Alexander i samtale med Anders Ekanger frå Vest Næringsråd. 

Kvart år delar Stormfondet, som er støtta av Sparebanken Norge og Agenda Vestland, ut midlar til lokale aktørar som ved å søka midlar kan få både økonomisk støtte og promo-film til ideen eller prosjektet. StoneX fekk i 2025 tildelt kr. 400.000,- og promoteringsfilm frå Stormfondet. Hjelle frå StoneX bekreftar at desse midlane kjem godt med i ein startfase. 

Tusen takk!

Takk til alle som deltok, bidrog, dela erfaringar og skapte engasjement på Etablererdagen. Dette er starten på ein ny fase for gründarmiljøet i Øygarden – og vi gler oss til å byggja vidare saman.

#Øystart #GründerparkenVest #VestNæringsråd #Innovasjon #Nyskaping #Øygarden #Etablererdagen #Entreprenørskap

Vil DU bli ein del av Øystart, les meir og registrer deg her: Øystart

Tekst: Marianne Furheim Bileter: Marianne Furheim og Anders Ekanger i Vest Næringsråd