Byggesak
Gebyr for mangelbrev for byggesøknader
For å sikra likebehandling og at byggjesaksbehandlinga skjer til sjølvkost, vert det innført eit gebyr på kr. 2 950,- per mangelbrev. Når søknader vert leverte med manglar, påfører dette kommunen eit betydeleg meirarbeid – i snitt om lag 2 timar ekstra saksbehandling.
Rettferd for innbyggjarane tilseier at dei som leverer komplette og korrekte søknader ikkje skal subsidiera dei som sender inn mangelfulle søknader. Eit gebyr for mangelbrev sikrar at kostnaden vert lagt på dei som faktisk påfører meirarbeid, samstundes som ordninga vil stimulera til betre søknader og dermed bidra til meir effektive prosessar og raskare saksbehandling for alle. På sikt vil dette kunna vera med på å redusera gebyra.
Privatpersonar som sender inn søknad digitalt, vert fritatt frå gebyret. Ordninga skal stimulera til bruk av digitale løysingar, som bidreg til færre feil og manglar, og meir effektive prosessar. Gebyret for mangelbrev vil uansett gjelda profesjonelle, som har kompetanse og rutinar for å levera fullstendige søknader, samt privatpersonar som ikkje nyttar digitale byggjesøknader. Dette sikrar at dei som påfører kommunen ekstraarbeid, dekker kostnaden sjølve, samtidig som det gir insentiv til å levera fullstendige søknader.
Den digitale løysinga hjelper søkjaren steg for steg med å fylla ut søknaden basert på kva tiltak det vert søkt om eller dei kan be om bistand til å fylla ut søknaden. Dette avheng av kva du ynskjer. Løysinga bistår og med nabovarsling og andre nødvendige delar av prosessen, fram mot ein komplett søknad. Ved å nytta digitale byggjesøknader, vert talet på feil redusert, og det vert lagt til grunn at dette vil gje færre manglar i søknadane.
Treng du hjelp med å fylla ut søknaden?
Med byggesøknaden.no fra Ambita eller EG Byggesøk frå EG Holte kan du få hjelp av fagfolk til å fylla ut søknaden. Du sender sjølv byggesøknaden til kommunen og er ansvarlig for prosjektet.
Link Ambita: Forside - Byggesøknaden
Link EG Byggesøk: Holte ByggSøk
Vil du gjera alt sjølv?
eByggesøk frå Norkart hjelper deg med å finna ut om du må søkja, og kva for søknad du må senda. Du kan bruka eByggesøk til å senda byggesøknad sjølv til kommunen, men også dersom du treng bistand frå fagfolk.
Link til Norkart: Enklere byggesøknad | eByggesøk
Oppmåling
For å sikra likebehandling og at oppmåling skjer til sjølvkost, vert det innført eit gebyr på
kr. 1 460,- per mangelbrev. Når søknader vert leverte med manglar, påfører dette kommunen eit betydeleg meirarbeid – i snitt om lag 1 time ekstra saksbehandling.
Rettferd for innbyggjarane tilseier at dei som leverer komplette og korrekte søknader ikkje skal subsidiera dei som sender inn mangelfulle søknader. Eit gebyr for mangelbrev sikrar at kostnaden vert lagt på dei som faktisk påfører meirarbeid, samstundes som ordninga vil stimulera til betre søknader og dermed bidra til meir effektive prosessar og raskare saksbehandling for alle. På sikt vil dette kunna vera med på å redusera gebyra.
På dette området vert det ikkje gjort skilnad på private og profesjonelle aktørar.