Tilrår å endra organiseringa av beredskapen

Formannskapet tilrår den reviderte overordna beredskapsplanen for Øygarden slik han ligg føre. Dersom kommunestyret sluttar seg til planen, vil planen i større grad enn før byggja på ein proaktiv stabsmetodikk.

Arkivfoto, formannskapet - Klikk for stort bileteArkivfoto, formannskapet

Formannskapet tok på møtet tysdag denne veka framlegget til den operative delen av planen til orientering.

Den kommunale kriseleiinga (KKL) har no ein «militær» organisering. Dette er ein modell, der medlemene er fordelte på ulike «K-ar» med definerte oppgåver.

I beredskapsplanen som formannskapet tilrår, er organiseringa endra. Dette vert i saka mellom anna grunngjeve med at dei som har hatt ansvaret for eit særskilt område i kriseleiinga ikkje hadde det same ansvaret til dagleg. Den organiseringa er heller ikkje i samsvar med dei nasjonale beredskapsprinsippa; ansvar, nærleik, likskap og samvirke.

Difor tilrår kommunedirektøren å endra frå den gamle organiseringa av kriseleiinga til ein meir proaktiv stabsmetodikk. I tillegg vel ein å ta inn fleire fagressursar som faste personar i KKL. Det betyr at det i samband med denne saka er blitt laga ein heilt ny overordna beredskapsplan for Øygarden kommune.

I planen er det lagt inn fullmakt til kriseleiar (kommunedirektøren). Ei av fullmaktene er at kommunedirektøren i ein krisesituasjon disponerer inntil 10 millionar kroner til nødvendig hjelp til katastroferamma til forpleiing m.m., skadeavgrensing og nødvendige sikringstiltak for å verna liv, verdiar og miljø, hjelp ved akutt behov for opprydding og utbetring av materielle skadar og funksjonsforstyrringar.

Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Øygarden søkjer om å delta i utviklingsnettverk

Formannskapet vedtok samrøystes at Øygarden kommune søkjer om å delta i utviklingsnettverk for berekraftig omstilling 2. Frå det politiske vil ordførar Tom Georg Indrevik (H), leiar i levekårsutvalet Ernst Einarsen (H) og formannskapsmedlemene Silvia Haugland (H) og Marianne Sandahl Bjorøy (Ap) delta. I tillegg skal kommunedirektør Johnny Breivik og fem andre frå administrasjonen vera med i nettverket.

I 2025 vart det etablert eit utviklingsnettverk i regi av KS og Statsforvaltaren. I 2026 vert det oppretta eit nytt utviklingsnettverk, og alle kommunane i Vestland og Rogaland er velkomne til å søkja om deltaking i nettverket. Utviklingsnettverk er ein metode for forbetringsarbeid og kvalitetsutvikling. Formålet er å lukka gapet mellom det vi veit og det vi gjer.

Kommunedirektøren skriv i saksutgreiinga at programmet som er skissert for læringsnettverket for berekraftig omstilling, passar godt inn i omstillingsarbeidet til Øygarden kommune (Øygarden pluss og Framtidssamfunnet). 

Arbeider med å samordna bustadforvaltninga

Formannskapet tok saka om oppheving av Bustadstiftinga og utgreiing av samordna bustadforvaltning til orientering.

Kommunestyret har vedteke å oppheva bustadstiftinga. Stiftelsestilsynet vedtok i november 2025 å nekta å registrera vedtaket i Øygarden kommune om å oppheva Bustadstiftinga i Stiftelsesregisteret. Øygarden har klaga vedtaket, og saka ligg no til behandling hjå Stiftelsestilsynet/stiftelsesklagenemnda.

Uavhengig av utfallet i klagesaka har kommunestyret med sine vedtak innstilt på ei meir heilskapleg og effektiv organisering og handtering av det bustadsosiale arbeidet. I budsjettet for 2026 har kommunestyret vedteke eit effektiviseringskrav på totalt tre millionar kroner gjennom ei reorganisering og meir samordna teneste.

Kommunedirektøren tek initiativ til eit utgreiingsarbeid med mål om framtidig organisering av ei heilskapleg og samordna bustadforvaltning. Løysinga skal også kvittera ut effektiviseringskravet som er vedteke.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Tekst og foto: Vigleik Brekke