
Tilrår å redusera omfanget av mellombels forbod
Kommunedirektøren tilrår at mellombels forbod langs trasé for Vestprosess på Harkestad og i Svanevågen vert oppheva. Han føreslår vidare at det vert vedteke eit nytt mellombels forbod mot tiltak langs delar av røyrtraseen til Vestprosess, Troll kondensat og Oseberg transportsystem. Forslaget vart presentert på eit informasjonsmøte på Tjeldstø måndag kveld.
Les meir.
Nynorskfolket samla i Øygarden
På tysdag ønskte ordførar Tom Georg Indrevik landstinget i Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) velkomen til Panorama Hotell & Resort.
- Eg ser frem til desse to dagane der vi kan ha fokus på kva vi kan gjera saman for å styrkja nynorsken som eit aktivt språk i Noreg og ikkje minst læra av kvarandre, sa han.
Les meir.
Tilrår planprogram for Smeaheia
Plan- og miljøutvalet tilrår planprogram for detaljregulring for Smeaheia CO2-anlegg. Plan- og miljøutvalet behandla saka på møtet torsdag denne veka. Equinor fekk i 2022 tildelt lisens for lagring av CO2 i den geologiske reservoaret Smeaheia under Nordsjøen. Reservoaret er relativt stort og det er planlagt lagring av opptil 20 millionar tonn CO2 per år.
Les meir.
Sender sak om aktivitetsanlegg på Ågotnes tilbake til administrasjonen
Levekårsutvalet er ikkje klar for å be administrasjonen å arbeida vidare med prosjektet «Nyskapande aktivitetsanlegg» på Ågotnes. Utvalet vedtok på onsdag å senda saka tilbake til administrasjonen for å få vurdert prosjektet opp mot investeringsplanen/Øygarden 2040.
Les meir.
Styrkjer skulebiblioteka i ungdomsskulen
Våren 2025 søkte Koordineringstenesta for skulebibliotek i Øygarden om midlar frå Utdanningsdirektoratet, med mål om å styrkja ungdomsskulane sitt arbeid med kjeldekritikk, informasjonskompetanse og leselyst. No er det klart at tenesta får tildelt 800 000 frå Utdanningsdirektoratet kroner til dette arbeidet.
Les meir.
Peacetu streetart på skulane i Øygarden
Den siste tida har det dukka opp fargerik street art på skulane i kommunen. Dette er resultat av at graffitikunstnaren Rodrigo Lisboa har jobba saman med elevar for å dekorera veggar både inne og ute. Gjennom prosjektet har elevane fått introduksjon til streetart. Dei har fått læra seg sprayteknikk og prøva seg på frihand og/eller sjablong-graffiti.
Les meir.
Vil du delta i forskingsprosjektet Memory for Music?
Memory for Music ønskjer å undersøka om menneske med Alzheimers sjukdom kan oppnå betra funksjon gjennom innlæring av nye songar saman med ein musikkterapeut.
Les meir.
Kunstutstilling på Sartor
Malekurs for ungdom og vaksne har no opna utstilling. Våren 2025 har kulturskulen arrangert eit kortkurs i maling for ungdom og vaksne. Onsdag 28. mai inviterte deltakarane til opning av si eiga kunstutstilling, der dei viste fram eit utval av arbeida dei har jobba med gjennom kurset.
Les meir.
Badesesongen nærmar seg for alvor
Temperaturen for tida fristar deg kanskje ikkje til å ta ein dukkert akkurat no, men ifølgje vervarselet skal temperaturen stiga utover i neste veke. Kampanjen «Heile Noreg badar trygt» oppmodar folk i bygd og by til å bada og ferdast trygt i og ved vatna.
Les meir.
Ordførar Tom Georg Indrevik neste veke (24)
- 09.06.: Fri
- 10.06.: Formannskapsmøte
- 11.06.: Bredskapsråd
Møte med Statsforvaltaren - 12.-13.06.: EØS/ EFTA – Brussel
- 15.06.: Sentralstyremøte Høgre, Oslo
Varaordførar Anita Garlid Johannessen neste veke (24)
- 10.06.: Formannskapsmøte
Gamlehaugen, Mordet på Michelsen - 11.06.: Beredskapsråd
Norske petroleumskommunar (NPK), Austrheim - 12.06.: NPK, Austrheim
- 13.06.: NPK
Miljøløftet - 14.06.: Dagsturhyttetreff
Valkamparr. Frp