Sender sak om aktivitetsanlegg på Ågotnes tilbake til administrasjonen

Levekårsutvalet er ikkje klar for å be administrasjonen å arbeida vidare med prosjektet «Nyskapande aktivitetsanlegg» på Ågotnes. Utvalet vedtok på onsdag å senda saka tilbake til administrasjonen der det vert bedt om å sjå prosjektet i samanheng med investeringsplanen/Øygarden 2040.

Ernst Einarsen på talarstolen. - Klikk for stort bileteUtvalsleiar Ernst Einarsen (H) presenterte forslaget om å senda saka tilbake til administrasjonen.

Våren 2024 vart det gjennomført ein moglegheitsstudie om etablering av ein møteplass på Ågotnes. Bakgrunnen var utfordringar i ungdomsmiljøet og høge kommunale kostnadar knytt til ungdom som hamnar i utanforskap. Prosjektet rettar seg særleg mot ungdom som ikkje er i organisert aktivitet.

Bygget er tenkt oppført mellom Ågotnes skule og Ågotneshallen, og vil fungera som erstatning for Frihuset i tillegg til å møte fleire behov frå skule, kulturskule og frivilligheit. Kommunedirektøren skriv i saka at Frihuset er dårleg eigna til dagens bruk.

Dei som tok ordet i saka, sa at dette i utgangspunktet er eit positivt prosjekt. Dei stilte samstundes spørsmålet om korleis bygget skal finansierast og driftast. Det var dermed finansiering og drift av anlegget som var grunnen til at levekårsutvalet bad om at saka vart sendt i retur til administrasjonen og å sjå prosjektet i samanheng med  investeringsplanen/Øygarden 2040.

Store investeringsbehov

Levekårsutvalet tok tre behovsanalysar til orientering.

Det er utarbeidd behovsanalysar helse og velferd, idrett, kultur og fysisk aktivitet og eigedom.

Behovsanalysen for helse og velferd viser eit samla behov for over 300 nye heildøgns omsorgsplassar fram mot 2040. Dette er fordelt på 220 nye plassar for eldre utover allereie vedtekne tiltak, med mål om 50/50 fordeling mellom sjukeheim og omsorgsbustadar. Dette inkluderer også å erstatta 40 av dagens plassar grunna vedlikehaldsbehov. 
Det er vidare peika på  behov for 16 nye plassar i bufellesskap, nytt avlastningstilbod og trenings-/akuttbustadar for personar med nedsett funksjonsevne. Analysen viser at for personar med rus og psykiske helseutfordringar er det er behov for seks til åtte plassar i bufellesskap i tillegg til dei planlagt 10 robustbustadene.

Investeringsbehovet er totalt estimert til 1,8 milliardar kroner fram mot 2039, med hovudtyngda på ny sjukeheim, oppgradering av eksisterande bygg og etablering av nye omsorgsbustadar tilrettelagt for heildøgns tenester.

Behovsanalysen for kultur, idrett og fysisk aktivitet viser at kommunen har eit relativt stort omfang av anlegg i kommunen, som samla sett dekker behovet ut frå innbyggartalet. Det er likevel store geografiske skilnadar, og det er særleg rundt regionsenteret det er press på tilboda. Analysen viser til eit samla investeringsbehov på om lag 215 millionar fram mot 2040 for å sikra at vi opprettheld same kapasitet som i dag innanfor idrettsanlegg og kunstgrasbanar.

Det er også gjennomført behovsanalyse for eigedom. Dette gjeld vegar, bruer, kaiar, offentlege uteområde og kommunal bygningsmasse. Totalt er det estimert eit behov for 490 millionar kroner for å sikra god verdibevaring i kommunal bygningsmasse.

Gav skjenke- og salsløyve

  • JKY AS, Smålonane, får innvilga fast alminneleg skjenkeløyve for alkoholgruppe 1, 2 og 3, for serveringsstaden og møtelokalet i aktivitetssenteret ‘Jippikayay’. Vedtaket vart gjort med ni røyster. To medlemer i utvalet (KrF og INP) røysta for eit forslag frå KrF om at JKY AS får skjenkeløyve for alkohol utanom opningstidene til Lekeland/Aktivitetsenteret .
  • Panorama Hotell & Resort får innvilga fast alminneleg skjenkeløyve for alkoholgruppe 1 og 2, for lukka selskap i båten «Havblikk Fjordsauna».
  • NG Kiwi Vest, Skjenet på Straume, får innvilga salsløyve for alkohol gr. 1 i omsøkte lokale.

 

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Tekst og foto: Vigleik Brekke