Michael Sangolt (H) fremja fleire tilleggs og endringar på møtet i plan- og miljøutvalet.Tilrådinga vart gjort med 10 mot eí røyst (INP).
Equinor fekk i 2022 tildelt lisens for lagring av CO2 i det geologiske reservoaret Smeaheia under Nordsjøen. Reservoaret er relativt stort og det er planlagt lagring av opptil 20 millionar tonn CO2 per år. Konsept for transport av CO2 skal ta imot CO2 med skip, mellomlagra CO2 på land og vidaresenda det i røyr for permanent lagring i reservoaret. Konseptet skal frakta CO2 frå Europa gjennom røyrleidningar direkte til Smeaheia.
Første fase er planlagt med ein kapasitet på fem millionar tonn CO2 årleg. Til samanlikning er kapasitet for fase 1 i Northern Lights på 1,5 millionar tonn CO2 årleg.
Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.
Legg plan for Energiparken på høyring
Utvalet vedtok å leggja områderegulering for Energiparken ut til offentleg høyring. Formålet med Energiparken er å leggja til rette for grøne etableringar for å bidra til dei nasjonale og internasjonale klimamåla.
Formålet med utvidinga av det allereie regulerte arealet er å kunna leggja til rette for areal til etablering av petrokjemisk industri med karbonfangst og- lagring og andre grøne næringar som kan bidra til å redusera CO2-utslepp, optimalisera energibruk og skapa positive synergieffektar. Det er også ønskeleg å leggja til rette for ein ny kai for Energiparken der ein kan skipa ut det som vert produsert.
Områdereguleringa er eit samarbeid mellom Naturgassparken Vest og Øygarden kommune.
Tilrår å godkjenna planprogram
Utvalet tilrår å godkjenna planprogram for områderegulering for Straume sentrum nord.
Etter framlegg frå Michael Sangolt (H) vart det tilrådd eit tillegg om at det skal sikrast reell medverknad frå private eigedomar og næringsliv i den vidare planprosessen slik at ein kan skapa gode og praktiske vegløysingar og infrastruktur. Dette må mellom anna gjelda det samla vegsystemet med tilgang til parkeringsanlegg og eigedomar for å styrka det heilskaplege mangfaldet i Straume regionsenter.
I saka går det fram at Stovevatnet vert fylt ut i samband med bygging av Sotrasambandet, og gjev eit nytt sentralt utbyggingsareal på Straume. Planen skal sikra gode samanhengar i Straume sentrum, regulera areal til ein ny vidaregåande skule og sikra nødvendig infrastruktur. Planen skal også leggja til rette for blågrøne strukturar, ulike publikumsfunksjonar, betre mobilitet og sjå på mogleg fortetting med bustader.
Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.
Vedtok personnamn på gatenamn
Plan- og miljøutvalet vedtok namn på tre gågater i Straume sentrum. Eit samrøystes utval slutta seg til eit framlegg frå Elisabeth Erichsen Sandvik (H):
Det tre namna er
- Sigrid Utkilens gate
- Alexander Dale Oens gate
- Johannes Kleppeviks gate
Området gatene ligg i omfattar både bustad og næring, deriblant hotell, konferansesenter og banklokale.
Stansar to planinitiativ
Plan- og miljøutvalet stadfestar administrativ avgjerd om stans av oppstart av planinitiativ for detaljregulering for Tressberga, Foldnes. Planområdet på 30 dekar er regulert til bustadføremål og LNF (landbruks-, natur og fritidsformål). Delar av planområdet ligg i funksjonell strandsone i tillegg til at det ligg føre eit overordna plankrav for Nordre Litlesotra.
Tiltakshavarane har stilt krav om å få planinitiativet lagt fram for PMU for endeleg avgjerd. PMU stadfestar altså avgjerda til kommunedirektøren om å stansa planinitiativet.
Utvalet stadfesta også stans av eit planinitiativ om detaljregulering for Stølen, Arefjord. Planområdet ligg om lag 100 m sør for nytt Sotrasamband og ny bru. Om lag halve området er innanfor senterstrukturen i kommuneplanen sin samfunnsdel. Planområdet er sett av til LNF.
På talarstolen; Silje Ulveseth (Ap)Avsluttar ikkje reguleringssak
Kommunedirektøren hadde innstilt på at sak om detaljreguleringsplan for Nordre Helleren, Solsvika skulle avsluttast.
PMU vedtok med åtte røyster (Høgre, Frp, Sotralista-TVØ, KrF og INP) at planprosess for detaljregulering av Nordre Helleren, Solsvika, ikkje vert avslutta, men sett i ro inntil den nye arealdelen til kommuneplanen (KPA) er ferdigbehandla. Det vert oppmoda til at kommunen tek med seg aktuelle problemstillingar inn i arbeidet med ny KPA og at tiltakshavar gjev eige innspel når det vert opna for dette.
Mindretalet (Ap og SV) røysta for innstillinga frå kommunedirektøren om å avslutta saka.
Formålet med planen er å leggja til rette for bygging av fire einebustader med utleigedel og eín tomannsbustad. Statens vegvesen hadde motsegn til planen knytt til manglande tilbod for trygg kryssing av fylkesveg 561.
Eigedomsarbeid
Utvalet støttar kommunedirektøren i at gjennomføringsmodellen for eigedomsarbeid er at hovuddelen vert gjennomført i eigenregi som i dag.
Utvalet tilrår at eigedomsdrifta førebels held fram som skissert i saka. Det vert lagt til grunn og forventa at administrasjonen tek ut potensialet gjennom å optimalisera balansen mellom bruk av rammeavtalar og eigne ressursar. Administrasjonen skal innhenta aktuell og relevant erfaring frå andre kommunar til grunnlag og vurdering i saka.
Kommunestyret vedtek at administrasjonen gjev ei oppdatering i saka til PMU i løpet av hausten 2025.
Saka vert avgjort av kommunestyret.
Store investeringsbehov
Levekårsutvalet tok tre behovsanalysar til orientering.
Det er utarbeidd behovsanalysar for helse og velferd, idrett, kultur og fysisk aktivitet og eigedom.
Behovsanalysen for helse og velferd viser eit samla behov for over 300 nye heildøgns omsorgsplassar fram mot 2040. Dette er fordelt på 220 nye plassar for eldre utover allereie vedtekne tiltak, med mål om 50/50 fordeling mellom sjukeheim og omsorgsbustadar. Dette inkluderer også å erstatta 40 av dagens plassar grunna vedlikehaldsbehov.
Det er vidare peika på behov for 16 nye plassar i bufellesskap, nytt avlastningstilbod og trenings-/akuttbustadar for personar med nedsett funksjonsevne. Analysen viser at for personar med rus og psykiske helseutfordringar er det eit behov for seks til åtte plassar i bufellesskap i tillegg til dei planlagte 10 robustbustadane.
Investeringsbehovet er totalt estimert til 1,8 milliardar kroner fram mot 2039, med hovudtyngda på ny sjukeheim, oppgradering av eksisterande bygg og etablering av nye omsorgsbustadar tilrettelagt for heildøgns tenester.
Behovsanalysen for kultur, idrett og fysisk aktivitet viser at kommunen har eit relativt stort omfang av anlegg i kommunen, som samla sett dekker behovet ut frå innbyggartalet. Det er likevel store geografiske skilnadar, og det er særleg rundt regionsenteret det er press på tilboda. Analysen viser til eit samla investeringsbehov på om lag 215 millionar fram mot 2040 for å sikra at vi opprettheld same kapasitet som i dag innanfor idrettsanlegg og kunstgrasbanar.
Det er også gjennomført behovsanalyse for eigedom. Dette gjeld vegar, bruer, kaiar, offentlege uteområde og kommunal bygningsmasse. Totalt er det estimert eit behov for 490 millionar kroner for å sikra god verdibevaring i kommunal bygningsmasse.
Frå møtet i PMU 5. juniVil godkjenna detaljregulering
PMU tilrår å godkjenna detaljregulering for Vågsnova, Torsteinsvik. Planområdet er på om lag 11,5 dekar og ligg i Kjøpmannsvågen innan lokalsenter Toftøyna. Formålet med planarbeidet er å leggja til rette for inntil 20 fritidsbustadar med naust som del av bygga for fritidsbustadane, og tilhøyrande parkering og båtplassar. Saka vert lagt fram for kommunestyret etter at plandokumenta er oppdaterte.
Innfører ikkje sommarope basseng på Rong
Utvalet vedtok at det ikkje vert basseng i Hjeltefjorden arena i sommar. I saksutgreiinga vert det vist til at tiltaket har vesentlege driftskostnader utan at det ligg føre budsjettmidlar. Utvalet slutta seg til eit tillegg frå Michael Sangolt (H) om å be om at det vert vurdert å ha rom for sommarope basseng i budsjettet for 2026.
Trafikksikringplan
Plan- og miljøutvalet tilrår å godkjenna trafikktryggleiksplan for Øygarden kommune 2025 - 2029 slik han ligg føre. Planen gir informasjon om ulykkesstatistikk i heile kommunen og avgjer kva tiltak som skal prioriterast for å redusera ulykkestala og betre trafikktryggleiken for både køyrande, gåande og syklande. Planen erstattar tidlegare trafikktryggleiksplanar for Fjell, Sund og Øygarden.
Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.
Handlingsplan Miljøløftet
Utvalet slutta seg til handlingsprogrammet for 2026-2029 for Miljøløftet slik det ligg føre. Handlingsprogrammet viser at prosjekt i Øygarden kommune finansiert av investeringsmidlar i perioden 2026 - 2029 ligg inne med 437,6 millionar kroner. I tillegg kjem fylkeskommunalt bidrag på 57,6 millionar kroner for prosjektering og meirverdiavgift for dei tre prosjekta som gjeld fylkesveg.
For belønningsmidlar har kommunen i handlingsprogrammet inne prosjekt for om lag 2,3millionar kroner.
Kommunestyret avgjer saka.
Endrar plan for Grønamyrvegen
PMU godkjente endring nr. 1 av detaljregulering for Grønamyrvegen. Formålet med endringa er å opna for bustadformål i delområde F/K/T03 (endra til KBA01), i tillegg til næringsverksemd som er regulert i gjeldande plan.
Plan for Storevarden
Det vart vedteke å leggja ut forslag til detaljregulering for Storevarden, Rong, til offentleg ettersyn.
Planområdet er på om lag 44 dekar, og ligg på Skjoldingsneset søraust på Rongøy, om lag 1,5 kilometer sør for Rong sentrum. Planforslaget legg til rette for å byggja inntil 86 nye bueiningar som frittliggande og konsentrert småhus, der 13 av dei nye bueiningane er i form av utleigedel/sekundærhusvære i einebustadar.
Høyringsuttalar
PMU slutta seg til framlegg til høyringsuttale til planprogram og hovudutfordringar i Vestland - Vassforvaltningsplan 2028-2033.
Det same gjeld uttale til høyringsframlegg til - vatn- og avlaupsnorm med overvassnorm og standard abonnementsvilkår.
Klagesaker
Utvalet behandla seks klagesaker som ikkje vart tekne til følgje. Sakene går til endeleg avgjerd hjå Statsforvaltaren.
Her kan du lesa innkalling med saksutgreiing.
Tekst og foto: Vigleik Brekke